Her er bloggen vår!

Omstillingsarbeidet er viktig. Me ynskjer flest mogleg med på laget, og meiner at det er ei av dei viktigaste føremonene for å lukkast. Denne bloggen har som føremål å sikre god informasjonsflyt frå det arbeidet som omstillingsorganisasjonen jobbar med. I tillegg kan du fylgje oss på Facebook og på kommunen sine nettsider. Og hugs at du kan kontakte oss, sjå meir under fana «Omstillingsorganisasjonen«.

Grendalaga klar med nye nettsider

GrendamiGrendalaga i Hyllestad er no klar med nye nettsider:

http://grendami.no/

På grendalags-sidene finn du informasjon om grendalaga, kontaktinfo, aktivitetar og liknande. Sidene inneheld også ein aktivitetskalender kopla mot Origo, slik at aktivitetar som vert lagt i kalenderen automatisk hamnar i Firda og på kommunen sine nettsider. På nettsidene finn du òg ei kopling mot dei ulike grendalaga sine facebook-sider.

Det har blitt etterlyst meir informasjon om aktivitetstilboda i Hyllestad, og desse nettsidene er eit bidrag til å gjera aktiviteten i grendene meir synleg. Grendalags-sidene kan vera nyttig både for nye innbyggjarar og for dei som bur i Hyllestad frå før.

Nettsidene er akkurat oppretta og arbeidet med å fylle dei med innhald vil fortsette utover hausten. Ta gjerne kontakt med ditt grendelag dersom du har innspel til nettsidene!

Bli med på fagkurs i samfunnsentreprenørskap!

Er du ein lokal eldsjel? Ønskjer du å få auka kompetanse på å drive utviklingsarbeid i ditt nærområde? Då er kurset i Samfunnsentreprenørskap kanskje noko for deg.

Fagkurset er eit unikt tilbod leia av Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)Hyllestad_Kommune-4. Her er det svært dyktige og profilerte forelesarar, alle samlingane vert i Hyllestad og innhaldet i kurset vert skreddarsydd for lokale forhold i Hyllestad og HAFS.

Målgruppa for kurset tilsette i kommunen, politikarar, representantar frå frivillig sektor, eldsjeler/initiativtakarar til lokale utviklingsprosjekt og representantar frå lokalt næringsliv.

Første samling vert 28.-29. september

Kurset har to samlingar hausten 2015 og to samlingar vinter/vår 2016
1. samling: 28. – 29. sept.
2. samling: 30. nov – 1. des
3. samling: 1. og 2. februar 2016
Eksamenssamling: 7. og 8. mars 2016

Meld deg på kurset her 

Sjå invitasjon til kurset 

Sjå studieplan

Ta kontakt dersom du har spørsmål: elisabeth.veivag.helseth@sfj.no. tlf: 92284041

Pilgrimsrute gjennom Hyllestad

Gjennom sommaren har det vore jobba med å peike ut ei pilgrimsrute gjennom Hyllestad. Initiativtakar til det lokale arbeidet er Astrid Waage, og ho har knytt til seg ei rekkje lokale krefter for å finne ein trasé som kan vere framkommeleg på fleire måtar. Ruta vil vere ein del av den nasjonale Kystpilgrimsleia, og ta med seg delar av kommunane nord- og sør for oss. Arbeidet med etappen har arbeidsnamnet «Frå kross til kross», og tek utgangspunkt i dei gamle steinkrossane i regionen, samt gamle kyrkjevegar på land og sjø.

Gjennom hausten ynskjer ein å samle dei aktuelle kommunane for å gjennomføre ei testvandring, slik at ein kan sende eit felles forslag til prosjektgruppa for Kystpilgrimsleia. Her har me i omstillingsorganisasjonen teke del i arbeidet som er knytt til planlegging, praktisk organisering og dokumentasjon.

I juli vart den eine delen av ruta, frå Bjørnestad i Skifjorden, via korssundet til Vilnes, gjennomført som demotur, både for å teste korleis ruta eigna seg på sjøvegen, men og for å møte nordgåande pilgrimar som var på veg frå Stavanger til Trondheim med båten «Faxen». Dei lokale pilgrimane nytta Bakkejekta med mannskap frå Jensbua Kystkultursenter, og skapte ei flott ramme for turen.

Videoen syner nokre glimt frå denne ferda, og gjev ein forsmak på ein lenger og meir informativ video som kjem når resten av vandringa er gjennomført.

Er du interessert i å få vite meir, delta på vandring eller på anna vis involvere deg? Nøl ikkje med å ta kontakt med Astrid Waage på telefon 957 58 514 – og del gjerne informasjonen vidare!

Bli med å skape nytt liv i gamle Øen skule!

Ein av dei tidligare elevane ved gamle Øen skule – Sissel Hatløy – har starta eit prosjekt der målsetjinga er å skape nytt liv i Øen gamle skulebygg. Ho har med seg fleire interesserte. Eit interimstyre er skipa og har starta arbeidet med å realisere prosjektet.

Gamle Øen skule kan mellom anna verta ein stad for:

  • sameining av gammalt og nytt handverk
  • kunst, atelier og liknande
  • skulebibliotek, kartsamlingar, mimrestunder
  • kurs: t.d. tekstil arbeid, trearbeid, maling
  • utstillingar på ulike nivå: profesjonelle/amatørar
  • møtelokale for foreiningar og lag og for ymse aktivitetar i grenda/kommunen.

Interrimstyret må ha med seg fleire, og difor vender dei seg no til bygdefolk, tidlegare elevar ved skulen og til andre med interesse for bygget/staden og eit slikt prosjekt.

Les meir om korleis du kan bidra i dette brevet: Brev til vener av gamle Øen skule

Ta kontakt med Sissel Hatløy i interimstyret dersom du ynskjer å bidra til prosjektet; tlf: 412 78 030

Oversikt over fritidsaktivitetar i Hyllestad

I den nye brosjyra «Fritida mi» finn du ei oversikt over forskjellige lag, organisasjonar og aktivitetar du kan delta i og på i Hyllestad. Brosjyra inneheld omtale om kva dei ulike laga driv med, samt kontaktperson og kontaktinformasjon.

Last ned «Fritida mi» ved å følgje denne lenka.

«Fritida mi» visar fram eit breitt spekter avIMG_3423 fritidsaktivitetar i Hyllestad, og her finn nok dei fleste aktivitetar som fell i smak. Brosjyra gir ei oversikt over ikkje-offentlege fritidstilbod, og er eit supplement til kommunale tilbod. Vi håpar brosjyra vil vera nyttig for mange, både folk som har budd i Hyllestad lenge, nye tilflyttarar og folk som vurderer å busetta seg i Hyllestad.

Brosjyra vert sendt ut med posten til innbyggjarane i Hyllestad. Dersom du ikkje bur i Hyllestad eller har reservert deg mot uadressert reklame, finn du og brosjyra på kommunehuset, i lokalbutikkar og på omstillingskontoret.

«Fritida mi» er utarbeida av Hyllestad kommune og det er Frode Holst har stått for den grafiske utforminga.

Kvernsteinsmarknaden 2015

Laurdag 20. juni arrangerte Norsk Kvernsteinssenter og Hyllestad Næringsråd Kvernsteinsmarknad for andre gang. Arrangementet samlar utstillarar innan tradisjonshandverk og lokalmat frå regionen, samt lokale bedrifter som ynskjer å syne seg fram.

På den første skikkelege sommardagen vart dette ei flott hending, med mange besøkande, yrande folkeliv og god stemning. Her er ei lita videooppsummering frå dagen:

Kva tykkjer du om Hyllestad?

I 2011 vart det gjennomførd ei omdømeundersøking i Hyllestad kommune. No vert det gjennomførd ei ny undersøking med dei same spørsmåla som førre gang. Dette gjer det mogleg å samanlikne resultata med førre runde.  

Vi håpar såOmdømeundersøking mange som mogleg vil sette av 5 – 10 minutt til å gje si meining om Hyllestad kommune gjennom denne undersøkinga. Du kan svare på undersøkinga ved å følgje denne linken eller gå inn på  www.hyllestad.kommune.no. Undersøkinga vert òg lagt ut på sosiale media. Vist du ikkje har tilgang til internett kan du ringe kommunen tlf. 57 78 95 00 og få papirformat av undersøkinga tilsendt i posten. Send så inn eller lever på kommunehuset.

Frist for å svare er 5. juli, og resultat frå undersøkinga vert presentert i løp av hausten 2015.

Takk for ditt bidrag!

Inspirasjon for reiselivet i Hyllestad og HAFS

Førre helg var ein delegasjon med aktørar frå reiselivet i Hyllestad og HAFS på studietur for å læra meir om naturbasert reiseliv i Skottland. Internasjonalt er det ei stadig aukande interesse for denne type ferieopplevingar, og i Skottland har dette utvikla seg til ei viktig nisje for reiselivet. Turen var spissa mot naturbaserte opplevingsprodukt, og vi besøkte verksemder som driv i denne nisjen i ulik skala.  Målet med turen var å hente inspirasjon til korleis konkrete tiltak kan overførast til vår region.

_DSC0401

Delegasjonen frå HAFS budde i Grantown on Spey, ein landsby i den skotske nasjonalparken Cairngorms. Her har det dei siste ti åra etablert seg stadig fleire reiselivsaktørar som har naturbasert reiseliv, og då særleg wildlife watching, som sitt tilbod. Wildlife watching er å legge til rette for at turistar kan komme tett på dyre- og fugleliv i deira naturlege habitat. Dette vert ofte gjort ved hjelp av ein guide som tek turistane med til stadar der ein kan oppleve dyr eller fuglar av interesse. Denne type opplevingar krev ofte svært lite infrastruktur, det vert mellom anna satt opp enkle skjul (hides) der ein kan sitte og vente på at dyr eller fuglar kjem forbi.

Eit enkelt skjul for fuglekikking
Eit enkelt skjul for fuglekikking

Gruppa vart kjent med Speyside Wildlife, ei bedrift som starta med fuglekikking i Skottland for rundt 20 år sidan, og no har vokse til ein internasjonal reiselivsaktør. Grunnleggaren av verksemda, Sally Dowden, delte sine erfaringar og gav nyttig informasjon om kva som skal til for å komme i gang med liknande tilbod i vår region. Vi besøkte eit av deira skjul der turistar kvar kveld kan komme tett innpå mår og grevling i sine naturlege habitat. Dette er eit av dei mest populære naturbaserte opplevingsprodukta i området – ein verkeleg augeopnar rundt kor lite som skal til for å legga til rette for denne type turisme i vår region.

Horndykker 4
Hekkande Horndykkar – ein av få i Storbritannia

Guide John Poyner tok gruppa med til eit svært populært fuglekikkingsskjul ved ein liten innsjø. Her valfartar store mengderav britiske turistar for å oppleve ein av Storbritannia sine mest sjeldne hekkefuglar; Horndykkaren. Han fortalte korleis han jobbar for å gje turistane ein best mogleg naturoppleving. Vi var heldige, og fekk oppleve Horndykkaren på nært hald.

Fiskeørna trekk 40.000 besøkande i året
Fiskeørna trekk 40.000 besøkande i året

Loch Garten RSPB Osprey (Fiskeørn) Centre fekk gruppa sjå korleis ein kan oppleve eit hekkande par fiskeørner på avstand. Inne på senteret er det satt opp kikkertar og TV- skjermar som gjer at turistane kan følgje med utan at fiskeørnene vert uroa. Det er Royal Society for Protection of Birds som driv dette senteret, ein britisk organisasjon med 1 million medlemmar. Fiskeørnsenteret har opp mot 40.000 besøkande i løp av sesongen på 6 månadar!

Guiding i skotsk natur
Guiding i skotsk natur

Det vart også tid til mange gode råd frå den erfarne guiden Jonathan Willet, som driv sitt eige selskap Red Kite Tours. Samt frå Ecoventures, der eigar av verksemda Sarah Pern gir guida båtturar til turistar som ynskjer å oppleve delfinar på nært hald.

_DSC0677
Tilbake frå delfin- og fuglekikking

Dei naturbaserte reiselivsbedriftene i Skottland nyttar i hovudsak ressursar som vår region har svært mykje av, i form av vakker natur og rikt dyre- og fugleliv. For at Hyllestad og HAFS skal bli ein suksessfull reiselivsaktør innanfor naturbaserte opplevingar er det viktig med samarbeid mellom lokale reiselivsaktørar. På oppsummeringsmøtet for studieturen gav alle deltakarane utrykk for at dei ynskjer å gå vidare i arbeidet med å få etablert ei kommersiell opplevingsbedrift i Hyllestad/ HAFS. Det vart lagt opp til ei snarleg oppfølgingssamling, der ein også inviterer inn aktørar som ikkje hadde anledning til å delta på studieturen. Det vert spennande å følgje denne etableringa framover!

Stadig nærmare realisering av økogrend på Eide

Den siste tida har det vore mykje aktivitet knyt til Magnar Eide sine planar om ei Økogrend på Eide. Mange nye folk har kome til og synt interesse for prosjektet. Omstillingsorganisasjonen jobbar tett saman med Magnar rundt konkretisering av planane, og prosjektet kjem gradvis nærmare realisering.

Val av organisasjonsform er ein av faktorane som vert viktig for den vidare utviklinga av økogrenda. Førre veke var omstillingsorganisasjonen saman med Magnar Eide på besøk både i

Synfaring i Hurdalsjøen Økologiske Landsby
Synfaring i Hurdalsjøen Økologiske Landsby

Hurdalsjøen Økologiske landsby og initiativet Bergen Økologiske Landsby , for å læra meir om ulike modellar for organisering av moderne økosamfunn. I Hurdalsjøen er dei komne langt i prosessen med utbygging av økolandsbyen, og dei har mellom anna selt 55 miljøvenlege hus. Det var mykje å læra frå deira erfaringar i etableringsfasen, og inspirasjon til vidare arbeid på Eide. I initiativet for Bergen Økologiske Landsby jobbar dei med ei anna type organisering enn i Hurdalsjøen, noko som viste variasjon i moglege modellar.

Franziska Ruettimann orienterer om aktivitet i Kvernsteinssenteret
Franziska Ruettimann orienterer om aktivitet i Kvernsteinssenteret

Denne helga hadde Magnar besøk frå folk som er interessert i å læra meir om prosjektet hans, og kva moglegheiter Hyllestad har å by på. Her var det representantar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, Norges einaste økologiske landbruksskule og Aurland Naturverkstad. Magnar hadde òg besøk av Benjamin Bro-Jørgensen, som skal utarbeida ein permakulturplan for matproduksjon i Økogrenda.

Torbjørn viser steinkunst i verkstaden sin
Torbjørn viser steinkunst i verkstaden sin

Magnar og Omstillingsorganisasjonen tok gjestene med på ein guida tur i nærmiljøet rundt Eide. Vi møtte ulike potensielle samarbeidspartar i Hyllestadsamfunnet, som Kvernsteinsenteret og Åfjordstein. Eit sentralt element i økogrend- konseptet er å involvera og spela på samfunnet rundt grenda.

Vi besøkte òg Colin Tattersall på Løland gard. Colin driv økologisk, og er svært interessert i aktiviteten på Eide og etableringa av ei økogrend. Han ynskjer å vera ein aktiv samarbeidspart i etableringa på Eide, og har visjonar om eit berekraftig Hyllestadsamfunn.

Magnar og Colin (begge ingeniørar) har mange tankar om samarbeid
Magnar og Colin (begge ingeniørar) har mange tankar om samarbeid

Arbeidet med tredje episode av #opplevhyllestad i gang

Stor stemning på påskejam langfredag
Stor stemning på påskejam langfredag

I påskehelga starta omstillingsorganisasjonen opptaka av tredje episode av #opplevhyllestad, som totalt skal blir seks episodar lang. Denne gangen er det grenda Leirvik som står i fokus, og ein følgde andre utgåve av påskejammen på Hotel Sognefjord frå onsdag til sundag i påskeveka. Her fekk ein vere med artistane både på og bak scena, i tillegg til ei rekkje utflukter i nærmiljøet. For første gang har me gjennomført filminga utan vår faste #opplevhyllestad-general Frida Holme, som for tida er i New York og studerar. Med erfaringane frå dei første episodane i bagasjen, håpar me likevel at det har gått fint, og at råmaterialet held den nødvendige kvaliteten.

Vidare skal ein syne fram noko av næringslivet i Leirvik, samt snakke med nokon som har valgt å busette seg der. Alt no ser me at her vert mykje spanande som me gler oss til å dele med dei som er interessert. Grovsorteringa av materialet og vidare innsamling av film vil halde fram ut månaden, og me håpar å kunne publisere videoen i løpet av juni, då Frida er tilbake på plass. Sidan står Sørbøvåg, Skifjord og Åfjorddalen for tur i løpet av året.

Heng med oss for fleire oppdateringar, og hugs å følg oss på Facebook for å få bildeglimt undervegs!