Møte i omstillingsstyret 26. juni

Gruppe 1 kosar seg på eit av torvtaka i Kvernsteinsparken.
Glade elevar kosar seg i Kvernsteinsparken. 

Ei innhaldsrik veke nærmar seg slutten. På omstillingskontoret har me hatt full aktivitet kvar dag. Det er gledeleg å registrere at mange, både frå næringslivet og elles, kjem innom oss for ein omstillingsprat. Det set me pris på, og me håpar at endå fleire tek turen innom. Elles har veka gått med til å førebu sakspapira til omstillingsstyret, noko som samstundes har gjeve prosjektleiaren sitt første skikkelege møte med sakhandsamingsverktøyet vårt, Acos WebSak, og møtebehandlinga der. Det har vore ein læringsprosess, men forhåpentlegvis enda det nokonlunde rett.

Elles har veka innehelde ein super dag med 10. klasse, der omstillingsarbeidet og spesielt prosjekt 22: Aktivitetstilbod til ungdom har fått mange gode og relevante innspel. I tillegg har me hatt nyttige møter om alt frå primærnæringane, via cruisesamarbeid med Høyanger til mobildekning med Telenor. På toppen av det heile har me hatt besøk av to svært oppegåande karar som er komne til kommunen vår som flyktningar. Dei er veldig klare for å komme i gang med å bli ein del av Hyllestad-samfunnet, og dei har alt teikna seg på dugnadslista til Kvernsteinsrock. På spørsmål om dei kunne møte torsdag klokka 12, var svaret at dei var klar klokka 11. Me gler oss til å få vere meir med desse positive karane!

Sakspapira til omstillingsstyret er offentlege. Klikk på linken under for å lese dei, du finn dei og seinare på kommunen sine nettsider. Då står det berre att å ynskje god helg!

Omstillingsstyret, 26. juni 2013

Advertisements

Arbeidsverkstad med 10. klasse

This slideshow requires JavaScript.

I eit idèmøte mellom omstillingsorganisasjonen og skulen tidlegare i vår, vart det diskutert korleis ungdommen kan bli teken sterkare med på råd i planlegginga og gjennomføringa av omstillingsarbeidet. Ungdom er ei klårt definert målgruppe for fleire av prosjekta i handlingsplanen, og ein har fleire prosjekt der ungdom er involverte i ein elle anna grad. Under dette møtet kom det opp at 10. hadde ein dag utan særleg innhald etter eksamenane var ferdige i juni. Rektor hadde førebels notert rydding, og var meir enn villig til å finne på noko anna. Omstillingsorganisasjonen tok utfordringa, og ba om å få låne heile klassen den dagen, for å arbeide konstruktivt og konkret med nokre av dei problemstillingane som me har knytt til vårt arbeid. Slik vart det, og tysdag 18. juni samla me 10. klasse og omstillingsorganisasjonen i kommunestyresalen.

Tema for dagen var Hyllestad som deira framtidige bu- og arbeidskommune, fritidstilboda og ungdommen sin relasjon med næringslivet. Første halvdel av dagen gjekk med til gruppearbeid med plenumsdiskusjonar undervegs. Det er imponerande og utruleg gjevande å få jobbe med ein gjeng som er så genuint engasjerte i kommunen sin, og som samstundes er optimistiske på kommunen sine vegne om framtida. Me kjem til å summere opp det konkrete innhaldet i dagen i ein eigen post seinare, i tillegg til å jobbe tilbakemeldingane inn i dei ulike ungdomsrelaterte prosjekta.

Etter pizza-lunsj frå Leirvik Kro og Motell delte me klassen i tre, utstyrte dei med kvar sitt kamera, og sende dei ut i nærområdet med ei oppgåve: Ta bilde av den gode Hyllestad-stemninga. Den gruppa med dei beste bilda vinn kvar si Kvernsteinsrock-skjorte. Då klokka nærma seg 2, gjekk me gjennom bilda på storskjerm i kommunestyresalen. Her er det enormt mykje bra, som me gler oss veldig til å syne fram. Vinnargruppa blir bestemt på fredag, på siste skuledag. I sum ein utruleg positiv dag for oss, og me fekk inntrykket av at 10. klassingane trivdest godt med å få bidra. Dette skal me definitivt gjere fleire gangar!

Kurs i regionalforvaltning

Omstillingsorganisasjonen deltok tysdag 11 juni på kurs i regionalforvaltning på Sunnfjord Hotell i Førde. Kurset var i regi av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, med Kristian Hyllestad frå Spine som førelesar. Regionalforvaltningsprogrammet kan for Hyllestad sin del, mellom anna brukast til digitale søknadar til kommunen sitt næringsfond.

Systemet vert frå før brukt til rapportering av brukte næringsfondmidlar inn til Fylkeskommune og KRD.

Søknadsfunksjonen verkar slik at søkjar til næringsfondet lagar seg ein brukarkonto,  fyller ut opplysningane programmet krev og fyller ut søknaden digitalt. Sender den i utfylt versjon til kommunen for behandling.

Kursdeltakarane vart oppfordra til å komme med forslag til endringar i søkjardelen av programmet,  og sidan det kjem endringar i søknadssystemet vert det ikkje teke i bruk før alt er «på plass».

Deltakarane peikte mellom anna på at at det måtte lagast ein enklare versjon av det digitale søknadsskjemaet som ligg i programmet.  Ein opplever i næringsfondsaker, at det for nokre er ein høg terskel som skal stigast over, spesielt ny-etablerarar. Eit «tungt» skjemavelde, anten i papirform eller digitalt, er ikkje med på å gjere dette lettare.

Alle innspel vert tekne med for vidare utvikling av søknadssystemet.

Presentasjon av undersøkinga i næringsvennleg kommune

Anne-Britt Ruderås frå Maximite AS presenterte resultata frå undersøkinga i prosjekt 18: Næringsvennleg kommune.
Anne-Britt Ruderås frå Maximite AS presenterte resultata frå undersøkinga i prosjekt 18: Næringsvennleg kommune.

Tysdag kom Anne-Britt Ruderås frå Maximite AS til Hyllestad for å presentere undersøkinga der dei tilsette som jobbar mot næringslivet i kommuneadministrasjonen, samt næringslivsleiarane har svart på spørsmål om kor gode kommunen er på å levere tenester til næringslivet. Sjølve undersøkinga vart gjort via nettskjema i perioden 12. april til 7. mai i år, og spørsmåla går på ulike delar av tenesteleveransen frå kommunen si side, tilgang på informasjon og samhandling. Resultata har så blitt samanfatta, og i neste omgang analysert av Maximite AS.

Presentasjonen i dag har føregått i tre sesjonar; først til leiargruppa i kommunen, så til dei tilsette som hadde svara, og til slutt til bedriftene. Desse gruppene har så fått høve til å gje sine kommentarar og refleksjonar, før det skal utarbeidast ein sluttrapport som summerer opp kva som er bra og kva som må jobbast meir med. I tillegg vil rapporten peike på kva konkrete tiltak som må til for å bli endå betre, slik at det kan jobbast vidare med dette i eit forprosjekt. Me kjem tilbake med meir konkret informasjon om resultatet når rapporten er klar, og gler oss til å jobbe vidare med å bli ein næringsvennleg kommune.

Omstillingspraten – dine innspel er viktige!

Dagens bilete syner kontorutsikta vår, måndag 10. juni. Dette går an å bli inspirert av!
Dagens bilete syner kontorutsikta vår, måndag 10. juni. Dette går an å bli inspirert av!

Om ein kommune skal lukkast med utviklingsarbeidet sitt, så må det skje saman med innbyggjarane. Dette er i alle høve filosofien til omstillingsorganisasjonen. Det betyr at me er veldig interesserte i tilbakemeldingar på det me gjer, både på det som er bra og ikkje minst på det som ein meinar kan gjerast betre. Samstundes er me avhengige av at innbyggjarane i Hyllestad veit kva me kan bidra med, slik at me ikkje byggjer eit inntrykk av at alt kan ordnast av oss – for då vil me aldri kunne levere på forventningane. Eit viktig ledd i dette arbeidet er å tilgjengeleggjere informasjon om kva mandat me jobbar etter. Difor finn du både handlingsplanar, møteinnkallingar og -referat, statusrapportar og elles det som er våre styringsdokument her på bloggen og på kommunen sine nettsider.

Når me likevel inviterer innbyggjarar og næringsliv til å meine noko om det me jobbar med, så er det for å lage desse planane betre. Det er ikkje alt me har ressursar til, men i løpet av hausten vert handlingsplan og budsjett for det påfylgjande året gjennomarbeidd, oppdatert og godkjent. Det er i forkant av og under denne prosessen der er viktig å kome i kontakt med dei som meiner noko om Hyllestad si utvikling. For å få flest mogeleg og best mogelege innspel, så lanserar me omstillingspraten. Det er ikkje noko hokus pokus, snarare tvert om. Me har ganske enkelt laga ein mal med nokre punkt som me særskilt ynskjer tilbakemelding på. Denne malen tek me med oss når me treff folk, enten bedrifter, privatpersonar eller andre som meinar noko om Hyllestad og det me jobbar med. For dei som ynskjer det, så vil vi referere litt her på bloggen – både til inspirasjon og informasjon for andre.

Ynskjer du å ta ein omstillingsprat med oss? I få fall – ta kontakt, så avtalar me tid og stad.

Entreprenørskapsdag på Dale VGS

8. mai gjekk den årvisse entreprenørskapsdagen for Vg 1 ved Dale VGS av stabelen. 

Rune Thorsnes frå omstillingsorganisasjonen deltok saman med representantar frå lokalt næringsliv, FNU og omstillingsorganisasjonen i Askvoll som mentor for elevane som skulle starte eiga bedrift. Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane hadde saman med John Otto Løset ansvar for opplegget.

Elevane vart delte inn i grupper, fekk tildelt klasserom og starta arbeidet med å etablere si eiga bedrift. Underteikna fekk tildelt ei gruppe frå byggfag som etter idemyldring bestemte seg for å etablere ei bedrift som skulle ha sitt virke innan rehibilitering av bygg.

Mentoroppgåva gjekk ut på rettleing, ting ein ein bør tenkje på når ein skal etablere bedrift. Alle bedriftene skulle utarbeide ein forretningsplan for bedrifta si, lage logo, sette opp budsjett og lage radioreklame.

På slutten av dagen presenterte elevane bedriftene sine for medelevane i auditoriet, her fekk vi mellom anna høyre om «mobilapp» for idrettslaget, fuktmålar for potteplantar og datastyring for bil for å ikkje bryte fartsgrensa!

Oppsummert; ein triveleg dag på Dale VGS med kreative og innovative elevar!

Omstillingsorganisasjonen flyttar til nye lokale

This slideshow requires JavaScript.

Frå 5. juni vil du finne omstillingsorganisasjonen i nye lokaler. Etter fire år på kommunehuset, vil me no bli lokaliserte i 2. etasje i Spar-bygget på Hyllestad. Her har me kontor og møterom, og ser fram til å treffe både etablerarar, bedrifter og innbyggjarar til konstruktive utviklingssamtalar. Er du på Hyllestad, så må du gjerne ta turen innom. Frå desse lokala vil me òg selje dei nye Kvernsteinsrock-skjortene, så her er det gode høve for alle til å ta turen.

Omstillingsorganisasjonen er interesserte i innspel, tilbakemeldingar og forslag. Har du tankar om utviklinga av Hyllestad, så vil vi gjerne snakke med deg. Sjå sida «Omstillingsorganisasjonen» for kontaktinformasjon.