#opplevhyllestad: Lifjorden

Fredag 7. november var den første av det som i alt skal bli seks videoar frå grendene i Hyllestad lansert. Grenda som fekk opne serien var Lifjorden, og innspelinga var gjort i månadsskiftet september/oktober. Bakgrunnen for prosjektet har me skrive om på landingssida for #opplevhyllestad, der du òg kan finne lenkjer og meir informasjon om kva som er hensikten med ein slik videoserie.

Sidan dette var første episode, så har det samtsundes vore testpiloten for vår del. Gjennom planlegginga, innspelinga og etterarbeidet har me oppdaga mykje, og lært endå meir – både om oppdraget og om grenda Lifjorden. Arbeidet har vore interessant, og me synst sjølv at resultatet gjenspeglar det på ein god måte. Sjølv omstillingsorganisasjonen, som jobbar tett på grendene og eldsjelene til dagen, vart positivt overraska over kor mykje engasjement og dugnadsånd som bur i lokalsamfunna i kommunen vår.

Neste grend ut er kommunesenteret Hyllestad, der innspelinga alt er gjort. Så føl resten av grendene etter tur gjennom våren og sommaren neste år, og i løpet av hausten 2015 vil ein kunne få full oversikt over kommunen gjennom dette formatet. Ta gjerne kontakt med oss om du har innspel eller tilbakemeldingar på dette arbeidet.

Advertisements