Inspirasjon for reiselivet i Hyllestad og HAFS

Førre helg var ein delegasjon med aktørar frå reiselivet i Hyllestad og HAFS på studietur for å læra meir om naturbasert reiseliv i Skottland. Internasjonalt er det ei stadig aukande interesse for denne type ferieopplevingar, og i Skottland har dette utvikla seg til ei viktig nisje for reiselivet. Turen var spissa mot naturbaserte opplevingsprodukt, og vi besøkte verksemder som driv i denne nisjen i ulik skala.  Målet med turen var å hente inspirasjon til korleis konkrete tiltak kan overførast til vår region.

_DSC0401

Delegasjonen frå HAFS budde i Grantown on Spey, ein landsby i den skotske nasjonalparken Cairngorms. Her har det dei siste ti åra etablert seg stadig fleire reiselivsaktørar som har naturbasert reiseliv, og då særleg wildlife watching, som sitt tilbod. Wildlife watching er å legge til rette for at turistar kan komme tett på dyre- og fugleliv i deira naturlege habitat. Dette vert ofte gjort ved hjelp av ein guide som tek turistane med til stadar der ein kan oppleve dyr eller fuglar av interesse. Denne type opplevingar krev ofte svært lite infrastruktur, det vert mellom anna satt opp enkle skjul (hides) der ein kan sitte og vente på at dyr eller fuglar kjem forbi.

Eit enkelt skjul for fuglekikking
Eit enkelt skjul for fuglekikking

Gruppa vart kjent med Speyside Wildlife, ei bedrift som starta med fuglekikking i Skottland for rundt 20 år sidan, og no har vokse til ein internasjonal reiselivsaktør. Grunnleggaren av verksemda, Sally Dowden, delte sine erfaringar og gav nyttig informasjon om kva som skal til for å komme i gang med liknande tilbod i vår region. Vi besøkte eit av deira skjul der turistar kvar kveld kan komme tett innpå mår og grevling i sine naturlege habitat. Dette er eit av dei mest populære naturbaserte opplevingsprodukta i området – ein verkeleg augeopnar rundt kor lite som skal til for å legga til rette for denne type turisme i vår region.

Horndykker 4
Hekkande Horndykkar – ein av få i Storbritannia

Guide John Poyner tok gruppa med til eit svært populært fuglekikkingsskjul ved ein liten innsjø. Her valfartar store mengderav britiske turistar for å oppleve ein av Storbritannia sine mest sjeldne hekkefuglar; Horndykkaren. Han fortalte korleis han jobbar for å gje turistane ein best mogleg naturoppleving. Vi var heldige, og fekk oppleve Horndykkaren på nært hald.

Fiskeørna trekk 40.000 besøkande i året
Fiskeørna trekk 40.000 besøkande i året

Loch Garten RSPB Osprey (Fiskeørn) Centre fekk gruppa sjå korleis ein kan oppleve eit hekkande par fiskeørner på avstand. Inne på senteret er det satt opp kikkertar og TV- skjermar som gjer at turistane kan følgje med utan at fiskeørnene vert uroa. Det er Royal Society for Protection of Birds som driv dette senteret, ein britisk organisasjon med 1 million medlemmar. Fiskeørnsenteret har opp mot 40.000 besøkande i løp av sesongen på 6 månadar!

Guiding i skotsk natur
Guiding i skotsk natur

Det vart også tid til mange gode råd frå den erfarne guiden Jonathan Willet, som driv sitt eige selskap Red Kite Tours. Samt frå Ecoventures, der eigar av verksemda Sarah Pern gir guida båtturar til turistar som ynskjer å oppleve delfinar på nært hald.

_DSC0677
Tilbake frå delfin- og fuglekikking

Dei naturbaserte reiselivsbedriftene i Skottland nyttar i hovudsak ressursar som vår region har svært mykje av, i form av vakker natur og rikt dyre- og fugleliv. For at Hyllestad og HAFS skal bli ein suksessfull reiselivsaktør innanfor naturbaserte opplevingar er det viktig med samarbeid mellom lokale reiselivsaktørar. På oppsummeringsmøtet for studieturen gav alle deltakarane utrykk for at dei ynskjer å gå vidare i arbeidet med å få etablert ei kommersiell opplevingsbedrift i Hyllestad/ HAFS. Det vart lagt opp til ei snarleg oppfølgingssamling, der ein også inviterer inn aktørar som ikkje hadde anledning til å delta på studieturen. Det vert spennande å følgje denne etableringa framover!

Advertisements

Stadig nærmare realisering av økogrend på Eide

Den siste tida har det vore mykje aktivitet knyt til Magnar Eide sine planar om ei Økogrend på Eide. Mange nye folk har kome til og synt interesse for prosjektet. Omstillingsorganisasjonen jobbar tett saman med Magnar rundt konkretisering av planane, og prosjektet kjem gradvis nærmare realisering.

Val av organisasjonsform er ein av faktorane som vert viktig for den vidare utviklinga av økogrenda. Førre veke var omstillingsorganisasjonen saman med Magnar Eide på besøk både i

Synfaring i Hurdalsjøen Økologiske Landsby
Synfaring i Hurdalsjøen Økologiske Landsby

Hurdalsjøen Økologiske landsby og initiativet Bergen Økologiske Landsby , for å læra meir om ulike modellar for organisering av moderne økosamfunn. I Hurdalsjøen er dei komne langt i prosessen med utbygging av økolandsbyen, og dei har mellom anna selt 55 miljøvenlege hus. Det var mykje å læra frå deira erfaringar i etableringsfasen, og inspirasjon til vidare arbeid på Eide. I initiativet for Bergen Økologiske Landsby jobbar dei med ei anna type organisering enn i Hurdalsjøen, noko som viste variasjon i moglege modellar.

Franziska Ruettimann orienterer om aktivitet i Kvernsteinssenteret
Franziska Ruettimann orienterer om aktivitet i Kvernsteinssenteret

Denne helga hadde Magnar besøk frå folk som er interessert i å læra meir om prosjektet hans, og kva moglegheiter Hyllestad har å by på. Her var det representantar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, Norges einaste økologiske landbruksskule og Aurland Naturverkstad. Magnar hadde òg besøk av Benjamin Bro-Jørgensen, som skal utarbeida ein permakulturplan for matproduksjon i Økogrenda.

Torbjørn viser steinkunst i verkstaden sin
Torbjørn viser steinkunst i verkstaden sin

Magnar og Omstillingsorganisasjonen tok gjestene med på ein guida tur i nærmiljøet rundt Eide. Vi møtte ulike potensielle samarbeidspartar i Hyllestadsamfunnet, som Kvernsteinsenteret og Åfjordstein. Eit sentralt element i økogrend- konseptet er å involvera og spela på samfunnet rundt grenda.

Vi besøkte òg Colin Tattersall på Løland gard. Colin driv økologisk, og er svært interessert i aktiviteten på Eide og etableringa av ei økogrend. Han ynskjer å vera ein aktiv samarbeidspart i etableringa på Eide, og har visjonar om eit berekraftig Hyllestadsamfunn.

Magnar og Colin (begge ingeniørar) har mange tankar om samarbeid
Magnar og Colin (begge ingeniørar) har mange tankar om samarbeid

Arbeidet med tredje episode av #opplevhyllestad i gang

Stor stemning på påskejam langfredag
Stor stemning på påskejam langfredag

I påskehelga starta omstillingsorganisasjonen opptaka av tredje episode av #opplevhyllestad, som totalt skal blir seks episodar lang. Denne gangen er det grenda Leirvik som står i fokus, og ein følgde andre utgåve av påskejammen på Hotel Sognefjord frå onsdag til sundag i påskeveka. Her fekk ein vere med artistane både på og bak scena, i tillegg til ei rekkje utflukter i nærmiljøet. For første gang har me gjennomført filminga utan vår faste #opplevhyllestad-general Frida Holme, som for tida er i New York og studerar. Med erfaringane frå dei første episodane i bagasjen, håpar me likevel at det har gått fint, og at råmaterialet held den nødvendige kvaliteten.

Vidare skal ein syne fram noko av næringslivet i Leirvik, samt snakke med nokon som har valgt å busette seg der. Alt no ser me at her vert mykje spanande som me gler oss til å dele med dei som er interessert. Grovsorteringa av materialet og vidare innsamling av film vil halde fram ut månaden, og me håpar å kunne publisere videoen i løpet av juni, då Frida er tilbake på plass. Sidan står Sørbøvåg, Skifjord og Åfjorddalen for tur i løpet av året.

Heng med oss for fleire oppdateringar, og hugs å følg oss på Facebook for å få bildeglimt undervegs!