Vegen mot utvikling

Faksimile frå Firda 31/7.
Faksimile frå Firda 31/7.

Hyllestad er omstillingskommune på 5. året, og har om lag halvanna år att av denne statusen. Det overordna målet med omstillingsarbeidet handlar ikkje berre om å skape arbeidsplassar og positiv folketalsutvikling i perioden, men vel så mykje om å køyre prosessar som gjer alle delar av Hyllestad-samfunnet betre i stand til sjølv å drive vidare i ein retning som gjev positiv utvikling – også etter at ekstraløyvingane tek slutt.

I dette arbeidet jobbar ein med ei rekkje faktorar. Desse er viktige kvar for seg, og saman kan dei føre til ei heilheitleg omstilling, eit samfunn som vil noko og som får det til. Hyllestad er ein av mange distriktskommunar som har sett i gang ulike tiltak på grunn av fråflytting eller nedgang i arbeidsplassar. Erfaringa frå mange av desse prosjekta er at det ikkje finst ein fasit – kvar kommune må finne sin veg framover. Ved å sjå på resultata frå andre område, så ser ein mellom anna at slik utvikling må kome innanfrå, og dei verdiane ein spring ut i verda for å selje må vere ekte. Ulike lokketilbod og stunt kan gje kortsiktige resultat, men på sikt ikkje bety noko varig endring. I verste fall kan ein svekke posisjonen ytterlegare ved å gje tilflyttaren eit feil inntrykk av staden. Samstundes ser ein at dei som har klart å få med det frivillige livet, næringslivet og kommunen på same lag i mykje større grad har lukkast med varig endring.

Hyllestad har sine ekte kvalitetar. I omdømekartlegginga frå 2011 svarte dei fleste at dei trivdest, og at dei hadde dei fritidstilboda dei trengde. Difor har omstillingsorganisasjonen hatt større fokus på å støtte og bygge opp dei som alt finst, snarare enn å dra i gang nye tiltak. Me veit gjennom fleire undersøkingar at stadig fleire ynskjer å leve eit liv med dei kvalitetane Hyllestad har i dag. Mange eldsjeler legg ned timar i frivillig innsats, og bidreg til fellesskapet sitt utval av aktivitetar. Samstundes veit me at det kan vere uoversikteleg for dei som er nye i kommunen å finne ut av alt.

Næringslivet i Hyllestad er også i fint driv for tida. Gjennom deltaking i dei utviklingsforuma som finst har ein no eit framoverlent næringsliv, også utanfor portane på det innovative Havyard-verftet, som er vårt bedriftslokomotiv. Det vert stadig bruk for fleire fagfelt, , både med fagutdanning, og høgare utdanning, og både i privat og offentleg sektor. Ein merkar ei auke av nyetableringar i fleire bransjar. Mange sektorar i næringslivet er i tillegg i ulike utviklingsprosessar, som ein alt undervegs i jobben ser har positive verknadar – både for dei enkelte bedriftene, og på tvers av dei. Dette gjer at fleire bedrifter også satsar og utvidar, noko som i neste omgang gjev ein breiare og meir interessant arbeidsmarknad. Spiralen er positiv!

Det er for tidleg å sei at Hyllestad har lukkast med arbeidet, men ein ser ei tydeleg endring i den lokale samhandlinga. Tilbakemeldingane frå både lag- og organisasjonslivet og næringslivet er at dei opplever ei positiv retningsendring, og ei større vilje og evne til å få ting til. Det er i alle høve ein indikasjon på at noko er i positiv endring. Sjølv ein liten kommune som Hyllestad har eit stort uutnytta potensiale. Sjølv om Statistisk Sentralbyrå har forlenga den eksisterande trenden i sine framskrivingar, så betyr ikkje det at løpet er køyrt – det betyr at ein har ein jobb å gjere. Då er det godt å observere at Hyllestad har mange som er klare til å ta den jobben.

Hyllestad held fram med fullt trøkk på omstillingsarbeidet. I haust skal me saman med bedriftene og dei frivillige organisasjonane ha eit spesielt fokus på å dokumentere og formidle denne breidda, slik at det vert lettare både for dei som kjem flyttande, dei som er nysjerrige og dei som alt bur her å bli betre kjent med alle dei gode kvalitetane i Hyllestad. Det gler me oss til å vise fram!

Advertisements