Tiltaksforum i Sogndal – frå liten til litt større

2013-11-12 13.10.03

Tysdag 12. og onsdag 13. november deltok Rune og Joakim frå omstillingsorganisasjonen på det årvisse tiltaksforumet som vert arrangert av næringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Her er dei fleste frå næringsapparata i fylket samla, saman med dei regionale aktørane, høgskulen samt nokre frå det politiske miljøet. Målet med samlinga er å dele erfaringar, sjå på felles utfordringar og mogelegheiter og samstundes bli inspirert og knyte kontaktar. I år gjekk arrangementet av stabelen i Sogndal, med base på Quality Hotell Sogndal.

Gjennom dei to dagane fekk me delta i eit variert og godt program, som tok for seg både utviklingstrekk i fylket, dei siste endringane i planverk og rammevilkår, samt ei orientering om Sogndal sitt spennande miljø rundt Fosshaugane Campus. For vår del var det spesielt nyttig og inspirerande å høyre på Jørgen Amdam frå Høgskulen i Volda og innlegga frå Sogndal Fotball og Campus-miljøet. Her fekk me definitivt innspel og idèar som kan overførast og takast i bruk i vårt arbeid i Hyllestad. Interessant er det òg å etablere kontakt med dei ulike FOU-miljøa, som heilt sikkert kan knytast til prosjekt i vår kommune og region.

Totalt sett ei nyttig samling for vår del. For meir informasjon kan du sjekke ut fylkeskommunen sine nettsider, og me anbefalar samstundes portalen Driftig.no for etablerarar og næringsdrivande som ynskjer å utvikle seg vidare. For dei spesielt interesserte kan presentasjonane lastast ned her.

Til neste år håpar me at tiltaksforum vert lagt til HAFS-regionen, og aller helst Hyllestad.

Advertisements

Vellukka reiselivssamling Leirvik Kro & Motell.

This slideshow requires JavaScript.

Laurdag 26. oktober inviterte omstillingsorganisasjonen og reiselivslaget i Hyllestad Næringsråd til samling for aktørane i reiselivsnæringa i kommunen. Målet med samlinga var å konkretisere og prioritere tiltak som ein saman skal jobbe med til neste år. Ein hadde delt opp dagen i ulike sesjonar som saman skulle gje grunnlaget for gode og relevante aktivitetar til det vidare arbeidet. Først ut var Helge Møller, som på oppdrag frå omstillingsorganisasjonen og reiselivslaget i kommunen har laga utkast for ein strategisk plan for den vidare reiselivssatinga. Her fekk ein ei god runde på innhald, og eit liste med forslag til justeringar. Dette er den første planen av denne sorten som reiselivsnæringa i kommunen har eigd, og det er såleis naturleg at denne vert justert i tråd med dei endringane som måtte komme. Det vart difort konkludert med at planen skal rullerast allereie til neste haust.

Neste innleiar er ein kjenning av vårt lokale reiseliv, Bill Taylor frå Skottland. Han har lang og brei erfaring med tilsvarande utviklingsarbeid i Skottland, som nok må seiast å ligge nokre år før oss i utviklinga av reiseliv i regionar som kan samanliknast med vår. Han hadde som alltid eit høgt fagleg nivå på sitt innlegg, og kom med mange relevante innspel både til strukturelt arbeid, og til dei enkelte aktørane. Tredje innleiar var Jan Erik Fredriksen, som er med å driv DMC på Island. Han fokuserte på samarbeid, nytenking og produktutvikling, og kunne samstundes kunngjere at han var med på laget som overtek drifta av Leirvik Kro og Motell. Dette vart godt motteke av næringa. Den siste økta var konkretisering. For å skaffe eit grunnlag for å komme vidare med utviklingsarbeidet vart deltakarane delte inn i grupper, som først kvar for seg, og seinare i plenum skulle komme med sine innspel til einskildtiltak som næringa sjølv skal jobbe vidare med – saman med omstillingsorganisasjonen.

Oppsummert var dette ei svært nyttig samling. I tillegg til å få konkretisert behova og oppgåvene, er det nyttig å treffast for å drøfte ulike utfordringar og mogelegheiter som er felles for aktørane i næringa. Reiselivet har definitivt funne ei form og ein veg som kan bidra til nyskaping og meir aktivitet. Samstundes er ein bevisst på at det er dei regionale samarbeida gjennom Jensbua og Fjordkysten som skal sette Hyllestad på kartet. Målet med det lokale arbeidet er ikkje å melde seg ut av desse foruma, men å styrke den lokale evna til å ta tak i eige potensiale.

Er du interessert i reiselivsutviklinga i Hyllestad? Nøl ikkje med å ta kontakt med omstillingsorganisasjonen eller reiselivslaget.

P22: Paintball på Hyllestad?

Omstilling Hyllestad og arbeidsgruppa for prosjektet «Aktivitetstilbod for ungdom» har eit tett samarbeid og eit felles mål å få til aktivitetar som er positive for ungdommen i kommunen. Dette er viktig og prioritert arbeid, både innan omstilling og i ungdomsrådet. Difor ynskjer me at aktørar som har ei eller anna form for aktivitet å tilby vert med på laget.

Tysdag 5. november hadde arbeidsgruppa eit møte der ein såg på dei ulike mogelegheitene me har når det gjeld aktivitetstilboda i kommunen. Alle partane møtte opp, dette gjorde til at me fekk eit innhaldsrikt møte prega av engasjement, positivitet og eit felles mål om å satse sterkt på ungdommen i Hyllestad. Dei som møtte var Kristin Eimind, Anne Marit Løvø, Unni Kvellestad Akse, Sissel Hatlem, John Gerrick Bårøy og Frode Holst i tillegg til Bjørn Øyvind Mjæll Færestad frå omstillingsorganisasjonen.

Aktivitetane det er ynskjeleg å satse på framover er handball, turn og paintball. Prosjektmedarbeidar i Omstilling Hyllestad og arbeidsgruppa vart samde om at ein skal satse på dei aktivitetane med høgast sjanse for gjennomføring i nær framtid. Ein konkluderte ut frå interessa i arbeidsgruppa med at handball og paintball er noko det skal satsast på framover. Her vil ein planlegge og gjennomføre oppstart i løpet av kort tid.

Paintball sto høgast på agendaen og ein hadde fått med Kristin Eimind frå Lammetun Ferie og Fritid. Ho hadde mykje godt å bidra med når det gjeld å få paintball og andre aktivitetar synlege i kommunen og regionen. Handball vert òg jobba vidare med framover. Her vert løysinga slik som ståa er i dag å sjå på eit samarbeid med Dale Handball.

Aktivitetane det skal satsast på har potensiale for å verte gode og sosiale tilbod for Hyllestad-ungdommen. Aktørane i arbeidsgruppa har eit felles ansvar for å jobbe saman for å oppdatere ungdom og føresette på kva aktivitetar som finst i bygda og regionen. Synliggjering av dei ulike aktivitetane, ved hjelp av sosiale mediar, videoklipp og bilete er noko det bør satsast på.

Ynskjer du meir informasjon knytt til aktivitetstilbod i bygda?

Har du innspel eller noko å bidra med rundt dette?

Ta kontakt med omstillingsorganisasjonen!

Bjørn Øyvind Mjell Færestad