Nytt liv i gamle Øen skule?

2015-02-24 12.38.02
Planleggingsmøte for idedugnaden saman med initiativtakar Sissel Hatløy

Lørdag 7. mars 2015, kl. 12 – 16.00 vert det idedugnad om nytt liv i gamle Øen skule. Møt opp på gamle Øen skule, vi startar med ei omvising i bygget før vi dreg vidare til Storelia Kro og Motell for lunsj og vidare drøfting. Føremålet med møtet er å finne ut om det er interesse for å sette skulebygget i stand slik at bygget kan ivareta nye funksjonar.

Program for møtet:

  • orientering om Øen skule
  • drøfting av framtidig funksjon for Øen skule som eit kulturbygg og ein samlingsstad for alle; særleg med tanke på kreative interesser som måling, trearbeid, tekstilforming, skriving og andre føremål
  • tankar rundt vidare framdrift
  • finansiering

Møtet er ope for alle! Gje beskjed til elisabeth.veivag.helseth@hyllestad.kommune.no eller tlf. 92284041 dersom du kjem.

Øen skule 2

Spennande etablering på Hatlem

Gruppearbeid under idèdugnaden for Berekraftige liv i Hyllestad.
Gruppearbeid under idèdugnaden for Berekraftige liv i Hyllestad.

I omstillingsstyret sitt møte den 28. januar vart det handsama ein søknad til næringsfondet frå Tommy Engdal. Han arbeider i dag som fiskar, og er medeigar i ein fiskebåt med heimeadresse i Solund. No ynskjer han å satse på å bygge seg opp med eigen båt med heimeadresse Hatlem i Hyllestad. Båten er kjøpt, og søknaden til næringsfondet gjekk på å få den tilpassa og bygd om til den typen fiske han ser for seg. På sikt ynskjer han å bygge seg opp, og sysselsette fleire i denne aktiviteten.

Fiskeri er blitt ei lita næring i Hyllestad, bort i mot fråværande per dags dato. Samstundes har ein lange tradisjonar for fjordfiske, og fiskarbondetradisjonen har stått sterkt i store delar av kommunen. I tillegg er sjømatnæringa spådd ei lysande framtid, noko som mellom anna vart belyst på omstillingsorganisasjonen i Askvoll sin sjømatkonferanse i fjor. Det er difor gledeleg på fleire måtar at ein nå får tilbake denne typen arbeidsplassar i kommunen. I tillegg har Tommy Engdal synt positiv interesse og engesjement for Berekraftige liv i Hyllestad innan lokalmat, noko som er spennande for innbyggjarane i Hyllestad, men òg samfunnsansvar i praksis.

Me ynskjer Tommy lukke til med satsinga, og håpar å både sjå og høyre meir til han i tida som kjem!

Har du eit prosjekt som kan vere aktuelt for stønad frå næringsfondet? Les meir om fondet og sjå retningslinjene her på bloggen!

Bærekraftige liv i Hyllestad

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kan innbyggjarane i Hyllestad skapa aktivitetar som er miljøvenlege samstundes som dei bidreg til å styrke livskvalitet og sosialt samhald? Inspirasjonen til Bærekraftige liv i Hyllestad er faktisk henta frå Storbritannia, og ei røyrsle som har vekst internasjonalt dei siste åra. Konseptet er enkelt; lokale aktivitetar som bidreg til å redusere vårt økologiske fotavtrykk, samstundes som det er gøy. For å få til dette må ein spele på resursar som finst i lokalsamfunnet.

Gjennom omstillingsarbeidet har ein sett at innbyggjarane i Hyllestad sitt på mykje kunnskap og engasjement rundt tema som handverkstradisjonar, lokal foredling av mat og drikke, energibruk og liknande. Difor vert det interessant å legga til rette for arenaer der det er lett og dele kunnskap og lære nye ting.

I oktober var Agnes Tvinnereim frå Bærekraftige liv i Landås på besøk i Hyllestad– ei samling der rundt 20 personar deltok. Agnes hadde eit inspirerande føredrag om alt dei har fått til i bydelen Landås dei siste åra. Etter samlinga var det fleire som ynskja å komme i gang med aktivitetar i Hyllestad, og det vart mellom anna starta opp ei facebook-gruppe for Bærekraftige liv i Hyllestad.

På ein idédugnad i Åfjorddalen i januar var rundt 30 personar samla, og her kom det mange konkrete innspel på aktivitetar innanfor kategoriane lokal mat/drikke, kunst/kultur/handverk, energi/bygg, og gjenbruk/redesign/bytte.

Idédugnaden i Åfjorddalen vart fulgt opp med eit planleggingsmøte med frivillige, for å konkretisera nokre av innspela. Gruppa var einige om at det er viktig at det er låg terskel på aktivitetane, og enkelt å delta. Det skal ikkje leggast opp til store arrangement med mykje planlegging, men enkle og lett gjennomførbare aktivitetar. No vert det danna ei kjernegruppe som skal ha litt koordineringsansvar for aktivitetane. Det vert også jobba med ei liste over konkrete aktivitetar og kontaktperson på kvar aktivitet. Aktivitetar under «paraplyen» Bærekraftige liv i Hyllestad kan både vera i regi av enkeltpersonar, grupper eller eksisterande lag og organisasjonar.

Ein av dei første aktivitetane fann stad no i februar, med praktisk kurs i grønsaksdyrking, og etablering av facebook-gruppa Hyllestad Hagelag

Det er spennande å følgje med på utviklinga av Bærekraftige liv i Hyllestad, særleg ettersom dette er nybrotsarbeid. I Noreg har denne røyrsla så langt vert eit «byfenomen», med m.a. Bærekraftige liv Landås, Nattland og Sædalen og Omstilling Sagene (Oslo). Men potensiale for miljøvenlege og framtidsretta løysingar er like stort i bygdene, her ein ofte sitt tettare på naturresursane enn i byane.

Ta kontakt med omstillingsorganisasjonen dersom du ynskjer å bidra eller høyre meir!

Lyden av mennesket – framtidig næringsutvikling i helseinnovasjon?

2015-02-11 13.54.09

Onsdag og torsdag arrangerte HIFUS og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane konferansen Lyden av mennesket. Konferansen tok for seg koplinga mellom forsking, framtidige og noverande behov for offentleg tenesteyting innan helse, og næringslivet som innovatørar på løysingssida. Omstillingsorganisasjonen var representert på konferansen, først og fremst for å vere kjent med feltet dersom nokon av våre noverande eller framtidige bedrifter ynskjer å satse på dette området.

Helseinnovasjon vil bli eit spennade felt å fylgje i framtida. Ein ser alt no dei første vellukka innovasjonsprosjekta, der private aktørar kjem med nye løysingar for offentleg og private helseinsitusjonar som både aukar kvaliteten, bidreg til betre oppgåveløysing og sparar ressursar. Dette er ikkje berre spennande for dei bedriftene som er på løysingssida, men også viktig for dei som skal produsere framtida sine helsetenester, med eit bilde som er i stadig endring.

Med sterke miljø som Hauglandssenteret, HIFUS og kommunar i samhandling med dei regionale helseføretaka, håpar me at Hyllestad og HAFS kan bli eit kraftsenter også for denne framtidige næringsutviklinga. Konferansen har vore ein svært god start på å få ei auka bevisstgjering rundt tematikken, og har med sitt høge nivå på innleiarar og program sett dagsorden på ein glimrande måte.

Meir om konferansen kan du finne på desse lenkene:

– Lyden av mennesket si Facebookside
– Beskriving av konferansen på Kunnskapsparken si nettside
– HIFUS si nettside

Ny episode av #opplevhyllestad ute

I haust starta arbeidet med å syne fram noko av det grendene i Hyllestad kan by på i prosjektet #opplevhyllestad som du kan lese meir om her på bloggen. Andre episode vart publisert i slutten av januar, og denne gangen var det grenda Hyllestad og kommuneadministrasjonen og dei tenestene som ligg på Hyllestad som vart presentert. Kommunen er representert av rådmann Bente Nesse og ordførar Jan Olav Gjerde, hjørnesteinsbedrifta Havyard syner fram eit av sine nybygg på open dag, Torbjørn Løland snakkar om sin lidenskap for stein, Anne Berit Garnes presenterer det spennande Britahuset, tilflyttarane Nora og Tore fortel om kvifor Hyllestad vart deire riktige val, og Sissel og Frode fortel om korleis det har vore å flytte heim. I tillegg får du bli kjent med Kvernsteinsparken og den nye direktøren i Norsk Kvernsteinssenter Franziska Rüttimann, høyre korleis ungdomsskuleelevane får bruke kvernsteinshistoria i praksis, og møte elevbedrifta Krabbe & Co som leverer sjømat av ypperste kvalitet.

Me håpar videoen fell i smak, og at du vil dele den vidare. I løpet av 2015 vil me ta runda rundt til resten av grendene, så her er det berre å henge med vidare!

Kan Hyllestad bli fylket sitt neste reiselivssenter?

Standen under Mid-Atlantic 2015.
Standen under Mid-Atlantic 2015.

Dette spørsmålet ville for få år sidan vore lett å svare nei på. Hyllestad har i mange år hatt ei reiselivsnæring som har vore gode på sitt felt, men som samstundes har vore prega av at aktørane har hatt reiselivsaktiviteten sin som ei bisatsing. Tal arbeidsplassar i denne næringa har tradisjonelt vore få, og verdiskapinga avgrensa. Dette er ikkje kritikk mot våre aktørar, men snarare ei beskriving av ein verkelegheit som kan overførast til dei fleste småplassar langs norskekysten. Medan andre land har opplevd ei stor auke i reiselivet (som i global samanheng er ein av dei aller største næringane i omsetnad og sysselsetjing), har Noreg slite med å ta sin del. Det kan skrivast eigne innlegg om mogelege forklaringar på dette, men dette innlegget skal ikkje handle om fortida – for det er spennande ting på gang.

Omstillingsorganisasjonen og våre kollegaar i HAFS har gjennom 2014 jobba saman med ei rekkje reiselivsaktørar som no ynskjer å satse. I tillegg vil ein gjennom selskapet Reisefabrikken (under skiping) få på plass ein heilt ny type aktør: Ein DMC. DMC er ei forkorting for Destination Management Company, og betyr enkelt forklart ein profesjonell aktør som tilbyr pakking, handtering og sal av reiselivsprodukt. Dette opnar nye mogelegheiter for regionen, både for eksisterande aktørar som vil kunne få auka kundetilgangen sin og for å få etablert nye aktørar som tilbyr opplevingar og produkt som ikkje finst kommersielt grunnlag for i dag. Potensialet i regionen er stort, og kvalitetane er mange. Med denne kompletteringa av aktørbildet, vil ein no også kunne få aktivitet – i form av arbeidsplassar, inntekter, samarbeid og utvikling. Samstundes har regionen ein unik sjanse til å bygge opp ein destinasjon som er berekraftig, og heilt i leiing når det gjeld forsvarleg bruk av naturen, miljøomsyn og samspelet med anna næringsliv og lokalbefolkinga.

Førre veke var omstillingsorganisasjonen med Reisefabrikken til Icelandair sin Mid Atlantic-workshop på Island. Der møtte ein agentar frå amerika og europa for å promotere HAFS-området, og for å gjere konkrete avtalar med dei som ynskjer å kome på besøk til vår region. Vegen er framleis lang fram til at Hyllestad er reiselivskommunen i Sogn og Fjordane, men reisa kan vere starta i dette arbeidet. Me jobbar vidare med å sikre regionen etableringar, arbeidsplassar og auka tilbodsportefølje også i reiselivsnæringa, og gler oss til å fortelje om framhaldet.

Er du interessert i reiseliv, eller ynskjer å vere med på dette arbeidet? Nøl ikkje med å ta kontakt!