Pilgrimsrute gjennom Hyllestad

Gjennom sommaren har det vore jobba med å peike ut ei pilgrimsrute gjennom Hyllestad. Initiativtakar til det lokale arbeidet er Astrid Waage, og ho har knytt til seg ei rekkje lokale krefter for å finne ein trasé som kan vere framkommeleg på fleire måtar. Ruta vil vere ein del av den nasjonale Kystpilgrimsleia, og ta med seg delar av kommunane nord- og sør for oss. Arbeidet med etappen har arbeidsnamnet «Frå kross til kross», og tek utgangspunkt i dei gamle steinkrossane i regionen, samt gamle kyrkjevegar på land og sjø.

Gjennom hausten ynskjer ein å samle dei aktuelle kommunane for å gjennomføre ei testvandring, slik at ein kan sende eit felles forslag til prosjektgruppa for Kystpilgrimsleia. Her har me i omstillingsorganisasjonen teke del i arbeidet som er knytt til planlegging, praktisk organisering og dokumentasjon.

I juli vart den eine delen av ruta, frå Bjørnestad i Skifjorden, via korssundet til Vilnes, gjennomført som demotur, både for å teste korleis ruta eigna seg på sjøvegen, men og for å møte nordgåande pilgrimar som var på veg frå Stavanger til Trondheim med båten «Faxen». Dei lokale pilgrimane nytta Bakkejekta med mannskap frå Jensbua Kystkultursenter, og skapte ei flott ramme for turen.

Videoen syner nokre glimt frå denne ferda, og gjev ein forsmak på ein lenger og meir informativ video som kjem når resten av vandringa er gjennomført.

Er du interessert i å få vite meir, delta på vandring eller på anna vis involvere deg? Nøl ikkje med å ta kontakt med Astrid Waage på telefon 957 58 514 – og del gjerne informasjonen vidare!

Advertisements

Kvernsteinsmarknaden 2015

Laurdag 20. juni arrangerte Norsk Kvernsteinssenter og Hyllestad Næringsråd Kvernsteinsmarknad for andre gang. Arrangementet samlar utstillarar innan tradisjonshandverk og lokalmat frå regionen, samt lokale bedrifter som ynskjer å syne seg fram.

På den første skikkelege sommardagen vart dette ei flott hending, med mange besøkande, yrande folkeliv og god stemning. Her er ei lita videooppsummering frå dagen:

Arbeidet med tredje episode av #opplevhyllestad i gang

Stor stemning på påskejam langfredag
Stor stemning på påskejam langfredag

I påskehelga starta omstillingsorganisasjonen opptaka av tredje episode av #opplevhyllestad, som totalt skal blir seks episodar lang. Denne gangen er det grenda Leirvik som står i fokus, og ein følgde andre utgåve av påskejammen på Hotel Sognefjord frå onsdag til sundag i påskeveka. Her fekk ein vere med artistane både på og bak scena, i tillegg til ei rekkje utflukter i nærmiljøet. For første gang har me gjennomført filminga utan vår faste #opplevhyllestad-general Frida Holme, som for tida er i New York og studerar. Med erfaringane frå dei første episodane i bagasjen, håpar me likevel at det har gått fint, og at råmaterialet held den nødvendige kvaliteten.

Vidare skal ein syne fram noko av næringslivet i Leirvik, samt snakke med nokon som har valgt å busette seg der. Alt no ser me at her vert mykje spanande som me gler oss til å dele med dei som er interessert. Grovsorteringa av materialet og vidare innsamling av film vil halde fram ut månaden, og me håpar å kunne publisere videoen i løpet av juni, då Frida er tilbake på plass. Sidan står Sørbøvåg, Skifjord og Åfjorddalen for tur i løpet av året.

Heng med oss for fleire oppdateringar, og hugs å følg oss på Facebook for å få bildeglimt undervegs!

Spennande etablering på Hatlem

Gruppearbeid under idèdugnaden for Berekraftige liv i Hyllestad.
Gruppearbeid under idèdugnaden for Berekraftige liv i Hyllestad.

I omstillingsstyret sitt møte den 28. januar vart det handsama ein søknad til næringsfondet frå Tommy Engdal. Han arbeider i dag som fiskar, og er medeigar i ein fiskebåt med heimeadresse i Solund. No ynskjer han å satse på å bygge seg opp med eigen båt med heimeadresse Hatlem i Hyllestad. Båten er kjøpt, og søknaden til næringsfondet gjekk på å få den tilpassa og bygd om til den typen fiske han ser for seg. På sikt ynskjer han å bygge seg opp, og sysselsette fleire i denne aktiviteten.

Fiskeri er blitt ei lita næring i Hyllestad, bort i mot fråværande per dags dato. Samstundes har ein lange tradisjonar for fjordfiske, og fiskarbondetradisjonen har stått sterkt i store delar av kommunen. I tillegg er sjømatnæringa spådd ei lysande framtid, noko som mellom anna vart belyst på omstillingsorganisasjonen i Askvoll sin sjømatkonferanse i fjor. Det er difor gledeleg på fleire måtar at ein nå får tilbake denne typen arbeidsplassar i kommunen. I tillegg har Tommy Engdal synt positiv interesse og engesjement for Berekraftige liv i Hyllestad innan lokalmat, noko som er spennande for innbyggjarane i Hyllestad, men òg samfunnsansvar i praksis.

Me ynskjer Tommy lukke til med satsinga, og håpar å både sjå og høyre meir til han i tida som kjem!

Har du eit prosjekt som kan vere aktuelt for stønad frå næringsfondet? Les meir om fondet og sjå retningslinjene her på bloggen!

Lyden av mennesket – framtidig næringsutvikling i helseinnovasjon?

2015-02-11 13.54.09

Onsdag og torsdag arrangerte HIFUS og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane konferansen Lyden av mennesket. Konferansen tok for seg koplinga mellom forsking, framtidige og noverande behov for offentleg tenesteyting innan helse, og næringslivet som innovatørar på løysingssida. Omstillingsorganisasjonen var representert på konferansen, først og fremst for å vere kjent med feltet dersom nokon av våre noverande eller framtidige bedrifter ynskjer å satse på dette området.

Helseinnovasjon vil bli eit spennade felt å fylgje i framtida. Ein ser alt no dei første vellukka innovasjonsprosjekta, der private aktørar kjem med nye løysingar for offentleg og private helseinsitusjonar som både aukar kvaliteten, bidreg til betre oppgåveløysing og sparar ressursar. Dette er ikkje berre spennande for dei bedriftene som er på løysingssida, men også viktig for dei som skal produsere framtida sine helsetenester, med eit bilde som er i stadig endring.

Med sterke miljø som Hauglandssenteret, HIFUS og kommunar i samhandling med dei regionale helseføretaka, håpar me at Hyllestad og HAFS kan bli eit kraftsenter også for denne framtidige næringsutviklinga. Konferansen har vore ein svært god start på å få ei auka bevisstgjering rundt tematikken, og har med sitt høge nivå på innleiarar og program sett dagsorden på ein glimrande måte.

Meir om konferansen kan du finne på desse lenkene:

– Lyden av mennesket si Facebookside
– Beskriving av konferansen på Kunnskapsparken si nettside
– HIFUS si nettside

Ny episode av #opplevhyllestad ute

I haust starta arbeidet med å syne fram noko av det grendene i Hyllestad kan by på i prosjektet #opplevhyllestad som du kan lese meir om her på bloggen. Andre episode vart publisert i slutten av januar, og denne gangen var det grenda Hyllestad og kommuneadministrasjonen og dei tenestene som ligg på Hyllestad som vart presentert. Kommunen er representert av rådmann Bente Nesse og ordførar Jan Olav Gjerde, hjørnesteinsbedrifta Havyard syner fram eit av sine nybygg på open dag, Torbjørn Løland snakkar om sin lidenskap for stein, Anne Berit Garnes presenterer det spennande Britahuset, tilflyttarane Nora og Tore fortel om kvifor Hyllestad vart deire riktige val, og Sissel og Frode fortel om korleis det har vore å flytte heim. I tillegg får du bli kjent med Kvernsteinsparken og den nye direktøren i Norsk Kvernsteinssenter Franziska Rüttimann, høyre korleis ungdomsskuleelevane får bruke kvernsteinshistoria i praksis, og møte elevbedrifta Krabbe & Co som leverer sjømat av ypperste kvalitet.

Me håpar videoen fell i smak, og at du vil dele den vidare. I løpet av 2015 vil me ta runda rundt til resten av grendene, så her er det berre å henge med vidare!

Kan Hyllestad bli fylket sitt neste reiselivssenter?

Standen under Mid-Atlantic 2015.
Standen under Mid-Atlantic 2015.

Dette spørsmålet ville for få år sidan vore lett å svare nei på. Hyllestad har i mange år hatt ei reiselivsnæring som har vore gode på sitt felt, men som samstundes har vore prega av at aktørane har hatt reiselivsaktiviteten sin som ei bisatsing. Tal arbeidsplassar i denne næringa har tradisjonelt vore få, og verdiskapinga avgrensa. Dette er ikkje kritikk mot våre aktørar, men snarare ei beskriving av ein verkelegheit som kan overførast til dei fleste småplassar langs norskekysten. Medan andre land har opplevd ei stor auke i reiselivet (som i global samanheng er ein av dei aller største næringane i omsetnad og sysselsetjing), har Noreg slite med å ta sin del. Det kan skrivast eigne innlegg om mogelege forklaringar på dette, men dette innlegget skal ikkje handle om fortida – for det er spennande ting på gang.

Omstillingsorganisasjonen og våre kollegaar i HAFS har gjennom 2014 jobba saman med ei rekkje reiselivsaktørar som no ynskjer å satse. I tillegg vil ein gjennom selskapet Reisefabrikken (under skiping) få på plass ein heilt ny type aktør: Ein DMC. DMC er ei forkorting for Destination Management Company, og betyr enkelt forklart ein profesjonell aktør som tilbyr pakking, handtering og sal av reiselivsprodukt. Dette opnar nye mogelegheiter for regionen, både for eksisterande aktørar som vil kunne få auka kundetilgangen sin og for å få etablert nye aktørar som tilbyr opplevingar og produkt som ikkje finst kommersielt grunnlag for i dag. Potensialet i regionen er stort, og kvalitetane er mange. Med denne kompletteringa av aktørbildet, vil ein no også kunne få aktivitet – i form av arbeidsplassar, inntekter, samarbeid og utvikling. Samstundes har regionen ein unik sjanse til å bygge opp ein destinasjon som er berekraftig, og heilt i leiing når det gjeld forsvarleg bruk av naturen, miljøomsyn og samspelet med anna næringsliv og lokalbefolkinga.

Førre veke var omstillingsorganisasjonen med Reisefabrikken til Icelandair sin Mid Atlantic-workshop på Island. Der møtte ein agentar frå amerika og europa for å promotere HAFS-området, og for å gjere konkrete avtalar med dei som ynskjer å kome på besøk til vår region. Vegen er framleis lang fram til at Hyllestad er reiselivskommunen i Sogn og Fjordane, men reisa kan vere starta i dette arbeidet. Me jobbar vidare med å sikre regionen etableringar, arbeidsplassar og auka tilbodsportefølje også i reiselivsnæringa, og gler oss til å fortelje om framhaldet.

Er du interessert i reiseliv, eller ynskjer å vere med på dette arbeidet? Nøl ikkje med å ta kontakt!