#opplevhyllestad

Kven vil oppleve Hyllestad?

Korleis kan ein kommune bli meir synleg? Det var innleiingsspørsmålet som la grunnlaget for det som no vert jobba med i Hyllestad sitt omdømeprosjekt. I forkant av diskusjonane hadde ein gjort ei omdømekartlegging blant innbyggjarane. Nokre av funna var tydelege: Folk i Hyllestad tykte dei hadde eit rikt fritidstilbod og mange mogelegheiter, men samstundes kunne det vere vanskeleg å få auge på kva, korleis og når. Dette vart stadfesta og tydeleg understreka når ein utfordra nye innbyggjarar på same spørsmålsstilling. Utfordringa var altså ikkje mangel på tilbod, men ei kommunikasjonsutfordring.

Kven, kva og korleis?

Neste oppgåve vart dermed å identifisere kven som kunne gjere noko med dette, og korleis. Etter mange og gode runder med både næringsliv, reiselivet, kommunen og frivillig sektor har ein no valt å syne fram Hyllestad sine ekte sider, slik at dei som er interessert i å finne meir informasjon og bli betre kjent med det kommunen har å by på skal få høve til det. Dette skal skje gjennom ei fritidsbrosjyre med oversikt over lag- og organisasjonsliv, gjennom arbeid med eiga synlegheit i ulike lag og organisasjonar, jobbing med synlegheit i næringslivet – både i enkeltbedrifter og på tvers av desse, gjennom ny nettside for kommunen, gjennom å vere til stade i sosiale medier og gjennom ein serie videoar som syner fram grend for grend, og til slutt det fullstendige bildet av korleis det er å bu og leve i Hyllestad.

#opplevhyllestad

Den siste aktiviteten har vore starta hausten 2014, og ein har produsert tre episodar. Tanken bak er enkel: Kvar grend syner fram sine kvalitetar, og nokre av innbyggjarane seier litt om kva dei set pris på med si grend. Dette kan så grenda sjølv bruke for å vise seg fram, det same kan reiselivsnæringa. I tillegg kan bedrifter som skal rekruttere nye tilsette vise til videoen dersom nokon er interesserte i å sjå meir om kva Hyllestad kan vere for ein potensiell innbyggjar. Dette er lågbudjsetts-produksjonar, der omstillingsorganisasjonen sine eigne folk står for planlegging, gjennomføring, filming og etterarbeid. Det er altså ikkje ein ny skrytevideo til mange hundre tusen, men ei ærleg og ekte framstilling av slik grendene er, og korleis folk sjølv opplever dei.

Har du lyst å dele ei fin oppleving frå Hyllestad? Bruk gjerne emneknaggen #opplevhyllestad i sosiale medier!

Første episode var frå Lifjorden. Følg gjerne Lifjorden Grendalag på Facebook.

Andre episode var frå Hyllestad. Følg gjerne Hyllestad kommune på Facebook.

Tredje episode var frå Leirvik. Les meir om Leirvik Grendalag på grenda mi

Fjerde episode var frå Skifjorden. Les meir om Skifjorden Grendalag på grenda mi eller facebook.

Femte episode var frå Sørbøvåg. Les meir om Øen Grendalag på facebook eller grendami.

 

Advertisements

4 thoughts on “#opplevhyllestad

  1. BRA prosjekt!
    Denne filmen frå Lifjorden var særdeles interessant.
    Eg ser fram til dei neste 5 episodane frå Hyllestad.
    Når kjem dei, og på kva slags måte blir dei annonsert?

    1. Hei Stein-Joar! Takk for positiv tilbakemelding. Neste episode vert frå grenda Hyllestad, og kjem før nyttår. Resten kjem i løpet av vår og sommar 2015, og vert annonsert gjennom kommunen sine nettsider, denne bloggen og våre kanalar i sosiale medier (Facebook og Twitter).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s