Omstilling i Hyllestad

Hyllestad kommune vart omstillingskommune i 2009. Kort fortalt betyr det at kommunen, saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge, legg ekstra ressursar i å skape ny giv i Hyllestad. Ein har laga ein utviklingsplan som beskriv den overordna planen for dette arbeidet, som vert konkretisert i ein årleg handlingsplan for kvart år. Ein har spissa satsinga på etablering av nye arbeidsplassar på Hyllestad Utviklingspark, som kommunen gjekk tungt inn i å opparbeide i 2010. I tillegg skal ein halde eit sterkt fokus på generell utvikling og nyskaping i heile kommunen.

Sjølv om næringsutviklinga er ein viktig del av arbeidet, inneheld handlingsplanane prosjekt for ei rekkje tiltak som går på den kommunale organisasjonen og lokalsamfunnet. På denne bloggen vil vi oppdatere frå arbeidet med dei ulike prosjekta, og vise fram noko av det me jobbar med. Utviklingsarbeid er kan ikkje drivast etter ei fast oppskrift. Samspelet mellom dei som jobbar i omstillingsorganisasjonen, dei tilsette i kommunen, næringslivet og innbyggjarane er nøkkelen til å skape ei positiv endring av kommunen vår.

Vi håpar at du vil vere med oss på å utvikle Hyllestad vidare. Heng med oss, og ta kontakt om du har tankar, innspel eller spørsmål!

Våre styringsdokument er (klikk for PDF):

– Utviklingsplan Næringsarbeid 2012 – 2015 pr 10012012
Utviklingsplan Næringsarbeid 2014 – 2015
– Handlingsplan 2015

Andre relevante dokument og sider:

– Søknadsskjema for næringsfondet
– Vedtekter for kommunalt næringsfond, per 01.01.2013

Advertisements

3 thoughts on “Omstilling i Hyllestad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s