Kjekk aktivitetsveke med 10. klasse

1706 - 10. klasse, Dalsstølane

Veka etter pinsehelga var omstillingsorganisasjonen utfordra på å ha ansvar for 10. klassen på Hyllestad skule. Bakgrunnen var ein aktivitetsdag med førre 10. klasse i fjor, som synte seg å vere svært nyttig for omstillingsorganisasjonen og det vidare arbeidet med å gjere Hyllestad til ein betre oppvekstkommune. I år utvida ein altså frå ein til fire dagar.

På førehand hadde ein utarbeidd eit opplegg, der elevane dels skulle jobbe med nokre utviklingsrelaterte oppgåver, dels bli betre kjent med næringslivet og utviklingsarbeidet i kommunen, og del kose seg. Gjennom veka fekk ein gjennomført nokre gode arbeidsøkter, der elevane mellom anna drøfta og gav innspel på kommunen sine svake og sterke sider, samt mogelegheitene og truslane for å kunne få til ei positiv utvikling. Gjennom dette arbeidet fekk ein ei rekkje gode innspel til det vidare arbeidet.

Onsdag vart det organisert fjelltur frå Bog, via Robba til Dalsstølane. Dette vart ikkje noko solskinstur, men likevel ein innhaldsrik og kjekk tur i mildt sagt variert vêr. Fredag fekk klassen etter eige ynskje ha klasseavslutting med paintball på Lammetun. Totalt sett både ei kjekk og nyttig veke for omstillingsorganisasjonen, og det trur me gjeld for 10. klassingane òg. Me ynskjer dei lukke til vidare på ferda!

Advertisements