Er næringslivet i Hyllestad synlege på nettet?

Dette er eit av dei sentrale spørsmåla i to av prosjekta våre; det eina retta mot næringslivet i brei forstand, og det andre mot reiselivsnæringa spesielt. Sistnemnde er aktørar i ein bransje der nettet er i ferd med å ta heilt over som føretrukken kanal for reisande over heile verda. Det er også blitt stadig meir viktig for anna næringsliv, sjølv for dei som i hovudsak lev av lokalmarknaden sin. Nettsider med god informasjon, referansar og priseksempel gjev at kunden lettare kan velje nettopp den bedrifta som har dette på plass. Kombinerer ein det med riktig og målretta bruk av sosiale medier som Facebook, syner erfaringar frå andre stadar at mogelegheitene er store.

Me har starta kartleggingsarbeidet i samarbeid med styret i Hyllestad Næringsråd og reiselivslaget, som er prosjekteigarar. Når denne første runda med kartlegging er gjennomført, vil me starte arbeidet med å heve nivået, slik at Hyllestad kan bli den kommunen i fylket der næringslivet er best på nett – det er i alle høve målsetjinga. Videoen over artikkelen syner nokre fakta om internett og sosiale medier som har overraska mange – kanskje deg òg?

Undervegs i arbeidet kan du fylgje oss på Facebook og Twitter – der vil du òg bli oppdatert på kven av bedriftene våre som tek eit steg opp i sin bruk av digitale kanalar.

Advertisements

Arbeidet med Hyllestad-avis er starta

Moro på idrettsbana.
Moro på idrettsbana.

I 2013 var eitt av prosjekta som omstillingsorganisasjonen jobba med knytt til synleggjering av lokalt næringsliv (sjå handlingsplanen for meir info om prosjekta våre). I tillegg har me i lenger tid arbeidd med å bli betre på kommunikasjon, både frå næringslivet, samfunnslivet og kommunen som organisasjon. Rett før jul starta planleggingsarbeidet med ei Hyllestad-avis, der ein fortel om dei positive sakene frå kommunen vår. Etter eit par arbeidsøkter, sat me att med ei liste med forslag til saker som var nok til å fylle fleire nummer framover – eit teikn på at det skjer mykje positivt i Hyllestad om dagen!

Saman med Hyllestad Næringsråd og Hyllestad kommune, vart me samde om at avisa skal trykkast i magasinformat, og distribuerast til innbyggjarane i HAFS. For innhaldsproduksjon har me inngått avtale med Jannicke Aven, som driv litt i den bransjen frå før, er frå Hyllestad og skriv gode tekstar. Ho vil òg stå for foto til dei sakene ho skriv. Arbeidet er kome godt i gang no i januar, og me ser fram til å kunne syne fram meir av det som skjer rundt oss. Det er ikkje sett ein absolutt tidsfrist på dette første nummeret, så me veit ikkje nøyaktig tid for utgjevinga endå – men det kjem me attende til.

I mellomtida vil me oppdatere her på bloggen, i tillegg til at du sjølvsagt framleis kan fylgje med på det som skjer på Facebook og Twitter.

Har du innspel til saker som me burde vurdere å skrive om? I så fall er me takksame for at du tipsar oss. Finn kontaktinfo under fana «Omstillingsorganisasjonen«.

Hyllestad på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen

Karrieremessa i Bergen 2013

Framtidsfylket si årlege karrieremesse for studentar og arbeidssøkande i Bergen er blitt ein god tradisjon, både for Hyllestad kommune og andre arbeidsgjevarar rundt om i Trivselsfylket. Her får ein komme i direkte kontakt med ungdom som er i Bergen, og som har interesse for det som rører seg i fjordfylket. For Hyllestad sin del har dette vore ein veldig nyttig og kjekk plass å vere, og gjennom dei siste åra har det vore ein verdifull rekrutteringsarena for fleire av fagfelta som er sysselsette i kommunen.

Me er sjølvsagt til stades i år òg. Både Hyllestad kommune, Hyllestad Næringsråd, Havyard Ship Technology og Sunnfjord Energi har eigne stands. I år har me spesielt lyst å syne fram dei fine mogelegheitene for dei som ynskjer å busetje seg i den vakre kommunen vår, noko som vil prege standen vår. Me vil gjerne ha di meining om kva som er viktig når ein skal velje plass å bu, og ynskjer deg og vennane dine vel møtt innom for ein prat. Me kjem også til å køyre ein liten konkurranse med fine premiar – følg med på Facebooksida vår eller stikk innom på standen vår for å få med deg denne!

Til slutt minner me om at det også i år blir servert nydeleg mat. Difor ynskjer Framtidsfylket at du registrerer deg, slik at dei får bestilt nok mat til alle. Dette er sjølvsagt heilt gratis.

Vel møtt på årets karrieremesse – håpar me ser deg der!

Nytt år – ny handlingsplan

Handlingplan 2014

Omstillingsarbeidet i Hyllestad er organisert som eit prosjektarbeid. Det betyr at me planlegg og jobbar med eitt år om gangen, men i eit langsiktig perspektiv. I haust har me laga nye planar, som skal gje rammene for den aktiviteten me skal drive med. Både handlingsplanen, som er den årvisse, og den meir langsiktige utviklingsplanen er oppdatert og justerte. Endringane er knytt til nye trendar, og erfaringar frå det arbeidet me alt har gjort.

Omstillingsarbeidet er eit spleiselag fleire aktørar. Kommunen bidreg med ein eigendel, det same er ulike næringsaktørar oppmoda om å gjere. I tillegg går Sogn og Fjordane fylkeskommune inn med eit stort bidrag på finansieringssida. I løpet av februar vert detaljane rundt dette avklåra, og dei endelege rammene lagt. For vår del er januar ein oppstartsmånad. Me set i gang mange av dei aktivitetane som skal gå ut over året, og tek ei runde med ulike aktørar i det lokale næringslivet, i tillegg til lag og organisasjonar.

Første kvartal er årsmøtetid, og i år ynskjer me å komme rundt på alle årsmøta til dei laga som ynskjer å bidra til eit Hyllestad i utvikling. Me trur at 2014 vil bli eit år fullt av aktivitetar og engasjement, og vil difor gjere flest mogeleg kjent med kva mogelegheiter som finst i våre verkemiddel. Om du representerar eit lag som vil ha besøk av oss, så nøl ikkje med å ta kontakt.