Frukostmøte om Hyllestad Utviklingspark

Onsdag 27. august inviterte Hyllestad Næringsråd og Hyllestad kommune til frukostmøte for næringslivet i Hyllestad. Tema for samlinga var status på arbeidet med å skape aktivitet på Hyllestad Utviklingspark, og styreleiar Terje Eilertsen orienterte. Under føl eit gjesteinnlegg frå Terje og HUP med hovudmomenta i presentasjonen. Sjølve presentasjonen kan du laste ned her i PDF-format. Under ligg ei lita videooppsummering av møtet.

 

Hyllestad Utviklingspark AS – status august 2014

Av Terje Eilertsen, styreleiar Hyllestad Utviklingspark

Arbeidet med å finne bedrifter som kunne vere aktuelle for etablering i det nye næringsområdet på «gamleverftet» starta våren 2013.

Styret vedtok då ein sals- og marknadsstrategi, der det vart definert fem delprosjekt som ein skulle konsentrere seg om. Etter vel eitt års arbeid – der ein har hatt kontakt med anslagsvis 50 bedrifter gjennom korrespondanse, telefonsamtalar og møter – er dette bilete noko endra. To av delprosjekta har falle ut, medan det er kome til eitt nytt. Biletet ser no slik ut:

  1. Elektro
  2. Mekanisk industri/energi
  3. Oppdrett (leveransar av utstyr og tenester til oppdrettsnæringa)
  4. Hydraulikk – industrirøyrlegging

Diagrammet nedanfor syner de ulike fasene i arbeidet:

Då kommunestyret vart orientert om status i oktober 2013, var praktisk talt all aktivitet i fase 1: Kartlegge og kontakte interessante bedrifter. Presentere Hyllestad Utviklingspark. Prøve å få i gang høgttenking rundt mogeleg etablering i Leirvik. Plukke opp idear og «tråder å trekke i». Skape interesse.

Kommunestyret fekk den gongen vite at vi hadde ca. 40 bedrifter på kontaktlista,  at vi var i ferd med å dra eit par bedrifter vidare frå fase 1 til fase 2, men at det framleis stod att mykje arbeid innafor fase 1 før vi kunne rekne med å hauste fruktene.

I dag – 10 månader seinare – er stoda annleis. Vi kan no plassere 5 – 6 bedrifter innanfor fase 2 og fase 3. Dvs. at desse bedriftene har signalisert at etablering kan verte aktuelt, og at dei vil bruke tid og ressursar på analyser og nærare vurderingar, planlegging av bygg, finansiering mm.

Det er så lang inngått ein intensjonsavtale med MultiVolt AS. Denne avtalen bind partane til ein ganske tett framdriftsplan. Siktemålet er at MultiVolt AS skal kunne flytte inn i eit nytt utleigebygg i parken innan utgangen av 2015. Innan 31.mars 2015 skal planløysingar, organisering, finansiering mm. vere på plass, og intensjonsavtalen skal avløysast av ein endeleg kontrakt.

Det er likevel viktig å presisere at ingen verksemder – heller ikkje MultiVolt AS – har gjort endeleg vedtak om etablering.

Men dersom alle dei bedriftene som vi no er i dialog med ender opp med å etablere seg i parken, så er praktisk talt all byggegrunn – ca. 8 mål – tatt i bruk.

Det mest realistiske er kanskje at nokre av dei aktuelle bedriftene etablerer seg, medan andre fell frå. I så fall må vi starte nye søk og ny salsaktivitet (fase 1) for å fylle tomromma. Men inntil vidare, dvs. hausten 2014 og kanskje litt ut på nyåret, vil Hyllestad Utviklingspark AS vere oppteken av å føre vidare dialogen med dei bedriftene som no har markert interesse, med sikte på å få avklaringar –  og fortrinnsvis positive avklaringar.

 

Kva er det så som gjer at nokre bedrifter kan finne det interessant å etablere seg i Leirvik?

Svaret  varierer sjølvsagt noko frå bedrift til bedrift, alt etter kva kjerneverksemda deira er. Men det er særleg tre tilhøve som merker seg ut:

Havyard Ship Technology AS er utan tvil vårt viktigaste aktivum. Leiarar frå fleire av dei bedriftene som er aktuelle for etablering i parken har møtt leiinga ved verftet, og fått informasjon om verksenda. Tilbakemeldingane er udelt positive. Sjølv om leveransar til skipsverftet kanskje ikkje framstår som første prioritet for fleire av bedriftene, så ser dei fordelen med å etablere seg i nær tilknyting til ei så stor og avansert industribedrift.

Oppdrettsnæringa kjem på ein klår andreplass. Med etablering i Leirvik vil ein ligge sentralt plassert i eit viktig oppdrettsområde – midt mellom Bergen og Florø. Oppdrettsnæringa er storforbrukar av mange typar utstyr og tenester. Men det aller meste blir levert utanfrå. Sjølv om Hyllestad er ein stor oppdrettskommune med mange anlegg, er det berre fattige 1% av den samla verdiskapinga som ligg att i kommunen.

Energisektoren – og særleg småkraftmarkedet – synes interessant for fleire bedrifter. Etter kvart som dei nye overføringslinene ut av fylket vert ferdige, er det venta ei omfattande utbygging av minikraftverk. Det kan ligge til rette for at utviklingsparken kan verte ein viktig aktør i denne samanhengen, med samarbeid mellom fleire bedrifter.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s