God arbeidsplassutvikling i Hyllestad

Framsida av Firda 18/3/14.
Framsida av Firda 18/3/14.

Den siste tida har me fått mange fine mediaoppslag knytt til den fine utviklinga innan arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassar er eit av dei viktigaste satsingsområda i omstillingsarbeidet, og det er difor spesielt kjekt å sjå at det lokale næringslivet er satsingsvillig, og lukkast med å skape vekst. For ein kommune som Hyllestad, er dette spesielt viktig. Me veit at tilgang på relevant og interessant jobb er det viktigaste kriteriet for mange når ein skal flytte på seg. Samstundes ser me at Hyllestad er relativt attraktiv for dei som ynskjer å skape sin eigen arbeidsplass. Som me sa i intervjuet med NRK Sogn og Fjordane, så er vektsten fordelt på fleire ulike bransjar og bedrifter – og dermed med på å gjere næringslivet meir robust.

I Firda måndag 18. mars vart det løfta fram to døme på bedrifter som har bidrege til veksten. Åm Sognnes Bygdeservice har flytta heim etter utdanning, teke over familiegarden og kjøpt eit gardsbruk i tillegg, og samstundes starta opp bygdeservice, som leverer ulike tenester til private og næringsdrivande i den lokale marknaden. Han har i dag fem tilsette. Den andre bedrifta som var nytta som døme i Firda er Rådgjevande Arkeologar. På same måte som Åm Sognnes, har desse flytta til Hyllestad etter endt utdanning. Firmaet er drive av eit ektepar, som begge er utdanna arkeologar, og som sel konsulenttenester basert på sin kompetanse til kundar over heile landet. Tidlegare har MultiVolt i Leirvik fått omtale, både i Firda, Ytre Sogn, NRK Sogn & Fjordane og i Innovasjon Norge sitt eige magasin for regional omstilling. Alle desse bedriftene har fått hjelp og støtte frå omstillingsstyret undervegs.

Elevbedrifta LDS i Firda 12/3/14.
Elevbedrifta LDS i Firda 12/3/14.

Denne månaden skal elevbedriftene frå Hyllestad på fylkesmesse for ungt entreprenørskap. Dette arbeidet er etter kvart godt innarbeidd i skulen, og ein har hatt fleire som har blitt fylkesvinnarar dei siste åra. Her blir framtida sine gründerspirer sådd, og dette veit ein frå andre stadar er eit arbeid som vil gje ein heilt anna etablerarånd på sikt. Då er det sjølvsagt spesielt kjekt at dei vert lagt merke til, slik som bedrifta LDS som fekk heilsides oppslag i Firda den 12. mars.

Sjølv om dette er udelt godt nytt, så ligg framleis størstedelen av jobben framfor oss. Sjølv om me har ei svært fin arbeidsplassutvikling, så ser me ikkje att dette i folketalsutviklinga. Tal sysselsette som bur i Hyllestad går ned i same periode, det same har folketalet gjort. Det betyr at det er innpendlarar som har gjort denne veksten mogeleg. I tillegg veit me at det er svingingar frå eitt år til neste, både i tal stillingar i dei ulike bedriftene, og i tal nyetableringar. Som ein liten kommune, med eit ganske lite næringsliv, så vil endringane gje oss større prosentvis utslag enn i større kommunar. Det gjev oss kort veg frå toppen til botn av statistikkane.

Det viktige for næringslivet og innbyggjarane i Hyllestad i tida framover er å dra nytte av den positive trenden som rår i kommunen for tida, og tørre å satse på framtida. Me veit gjennom vårt arbeid at her finst utruleg mange spennande bedrifter i Hyllestad, og at stadig fleire ynskjer å flytte til kommunen vår, både utflytte og heilt nye innbyggjarar. Omstillingsstatusen kan og skal vere eit verktøy for dei bedriftene som ynskjer å satse, og den sjansen har ein no. Nyttar næringslivet og innbyggjarane den, så er sjansane gode for at me kan få mange gladnyheiter også i tida som kjem!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s