Omstillingsarbeidet i Hyllestad i årsmeldinga for regional omstilling

0303 - Regional omstilling, framside

Omstillingsstatus vert ofte forbunden med nedgang og dårlege tider. I Hyllestad har me fått denne statusen før krisa har slege inn, slik at krisepotensialet skulle bli mindre. Sidan hausten 2010 har Hyllestad kommune saman med det lokale næringslivet fått hjelp frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge til å klare dette. Gjennom handlings– og utviklingsplanar, godt samarbeid med lokalt næringsliv og lokalsamfunnet elles, har ein teke fatt i ulike problemstillingar, og søkt gode løysingar på dei.

Arbeidet er først og fremst langsiktig, det er kommunen og lokalsamfunet sin måte å tenke og jobbe på som skal endrast til å bli meir orientert mot utvikling og mogelegheiter. Samstundes er det forventa at det skal virke også på kort sikt – det må synast til resultat. I Hyllestad har det vore jobba mykje med å finne dei viktige faktorane, ein må vite kva kriterie ein skal måle om arbeidet er vellukka på. For Hyllestad sin del handlar det på eit overordna nivå om to ting: Fleire arbeidsplassar og stopp i folketalsnedgangen. På arbeidsplassida ser ein at resultata er i ferd med å komme. Det har vore ei positiv utvikling dei siste åra, og ein klarar å skape arbeidsplassar lokalt som ikkje er avhengig av hjørnesteinsbedrifta. Folketalsutviklinga er ikkje berre vanskelegare å snu, men me veit frå andre område at det tek tid.

Omstillingsarbeid er og må vere ulikt frå kommune til kommune. Samstundes er det god hjelp i Innovasjon Norge si erfaringsbase frå andre område, samla mellom anna i nettportalen regionalomstilling.no. Kvart år ser Innovasjon Norge si omstillingsavdeling tilbake på dei programma som har vore operative i året som gjekk. For 2013 har dei valgt å sjå nærare på Hyllestad. Artikkelen gjev eit innblikk i korleis arbeidet er rigga – frå Innovasjon Norge sitt perspektiv. Om du ynskjer å lese artikkelen, kan den lastast ned her. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s