Ny reiselivssatsing i Hyllestad

This slideshow requires JavaScript.

Det siste halve året har vore ei starten på ei ny og spennande tid for reiselivet i Hyllestad og regionen elles. Første veka i mars var delar av den lokale reiselivsnæringa frå Hyllestad og Askvoll på Island, for å lære av måten islendingane har rigga reiselivsnæringa si på, og stake ut ein kurs for å auke omsetning og inntening i vår eigen region. Workshopen var i regi av DMC Iceland, eit selskap om også er i gang med å sjå på vårt område, mellom anna gjennom eigarinteressene i Leirvik Kro og Motell.

Gjennom dei dagane me var på Island, fekk me mellom anna besøke nokre verksemder som har lukkast ut frå føresetnadar som liknar våre eigne. I tillegg jobba me konkret med vår region som case, mellom anna med service, produktutvikling, prising, samarbeid i praksis, ulike kundesegment, nisjer, innsal og nettverksbygging – for å nemne noko. Heile vegen vart me utfordra på å tenke nytt og kritisk på oss sjølve at teamet i DMC Iceland. Dei neste vekene og månadane skal me saman jobbe vidare med det utgangspunktet som vart til under workshopen. 2014 kan bli eit utruleg spennande år for reiselivsnæringa i heile Fjordkysten-regionen.

Me kjem attende med oppdateringar etter kvart som arbeidet tek form, og nyttar samstundes høve til å invitere alle med interesse for reiselivsutvikling til arbeidsmøte på Leirvik Kro og Motell kvelden fredag 28. og føremiddagen laurdag 29. mars. Utviklingsarbeidet for reiseliv i Hyllestad er ein del av handlingsplanen for omstillingsarbeidet, knytt til prosjektet «P26 Utvikle reiselivsnæringa». Påmelding til omstillingsorganisasjonen, eller reiselivslaget ved Magnar Eide.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s