Frukostmøte om bustadtilgangen i Hyllestad

Delar av næringslivet samla til frukostmøte med kommune og næringsutvikling.
Delar av næringslivet samla til frukostmøte med kommune og næringsutvikling.

Måndag 24. februar inviterte for første gang omstillingsorganisasjonen og Hyllestad kommune næringslivet til frukostmøte på Leirvik Kro. Tema for denne første samlinga var utfordringane knytt til bustadtilgangen i kommunen, spesielt knytt til gjennomgangsbustadar for leige. Totalt møtte bedriftsrepresentantar frå ulike bransjar og verksemder.

Møtet starta med ei orientering om dei konkrete utfordringane som finst no, knytt til ei aukande mengd tilflyttarar, stor aktivitet både på Havyard og i næringslivet elles, og busetjing av flyktningar. Her finst både hus og tomter for sal, men den store utfordringa er for dei som ynskjer ein midlertidig bustad, enten medan ein byggjer hus eller for å prøvebu kommunen i ein avgrensa periode. Samstundes eig kommunen to relativt store bygg, det tidlegare barnehagebygget i Leirvik, samt tilsvarande på Sørbøvåg. Spesielt bygget i Leirvik er godt eigna til seksjonering i fleire bueiningar, samstundes som det ligg i det området som har størst press på bustadmarknaden. I tillegg er det ei auke i interessa for å leige bustad på Hyllestad.

Det vart etterkvart gode og konstruktive diskusjonar i møtet, og alle som deltok ytra ynskje om at det vert arbeidd vidare med ein modell der kommune og næringsliv løyser dette i lag. Avsluttingsvis orienterte prosjektleiar for omstillingsarbeidet om status og nyhende frå dei næringsretta prosjekta som ein jobbar med i omstillingsarbeidet. Ein tek sikte på å ha 3-4 frukostmøter til i løpet av året.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s