Grendalagsforum godt i gang med nytt år

Første møte i grendalagsforum på Leirvik Kro, 15. januar 2014.
Første møte i grendalagsforum på Leirvik Kro, 15. januar 2014.

Som mange fekk med seg i løpet av 2013, så har grendalaga i kommunen testa eit opplegg som har fått namnet «Grendapub». Dette har vore eit samarbeid mellom laga og omstilling, der me i omstillingsorganisasjonen har bidrege med praktisk hjelp og støtte i planleggingsfasen. Som motyting har me fått laga ei lokal runde i den obligatoriske quizen, som desse pubkveldane har starta med. Dette tiltaket har vore godt motteke, både i grendene, grendalaga og for vår del.

Grendalagsforum er eit nytt omgrep i Hyllestad. Det er eit uformelt organ som består av representantar frå alle grendalaga, og har som mål å finne fellesaktivitetar og diskutere planar og idèar for framtida. Dette forumet er nyttig både for dei ulike laga, som vert betre kjent med kvarandre, men også for oss som jobbar med samfunnsutvikling, som får ein arena der ein kan møte alle bygdene samstundes. Etter å ha vore i drift eitt år, er dette alt blitt eit forum som spelar ei viktig rolle i utviklinga av kommunen.

Onsdag 15. januar møttest grendalagsforum for første gang i 2014. Formålet med møtet var å oppsummere og dele erfaringar frå grendapubane i 2013, og samstundes finne nye aktivietetar som ein kan jobbe med i året som nett er starta. Laga var samde om at ein må halde fram med grendapubane, og fordelte dei slik:

– Leirvik: Mars
– Hyllestad/Lifjorden: Mai
– Øn/Skifjorden: September
– Åfjorddalen: November

Det vert opp til laga sjølv å finne den endelege datoen, og syte for at ein ikkje kolliderer med anna arrangement for same målgruppe. Oppslaga vil kome når det nærmar seg, både på nettet og på plakat rundt om i kommunen.

Omstillingsorganisasjonen nytta høvet til å informere om det nye samfunnsentreprenørskapsprosjektet som blir starta i løpet av første kvartal, og korleis grendalaga kan ta ei aktiv rolle der. Her vil ein komme attende med meir informasjon i eit eige møte seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s