Omstillingspraten: Åm Sognnes Bygdeservice

Ole-Ivar og Rune i ivrig omstillingsprat. Denne uteplassen er sjølvlaga.
Ole-Ivar og Rune i ivrig omstillingsprat. Denne uteplassen er sjølvlaga.

Me har tidlegare skrive om omstillingspraten, eit av tiltaka mot det eksiterande næringslivet som me har starta no i haust. Kort fortalt går det ut på å treffe aktørane i næringslivet der dei er, gje informasjon om kva me jobbar med og kan hjelpe med, samt å få innspel frå næringslivet på kva ein opplever som dei største utfordringane, og kva tiltak som kan gjere Hyllestad til ein endå betre næringskommune. Mesteparten av omstillingspraten tek me med oss inn i vårt arbeid vidare, men me ynskjer samstundes å syne fram breidda i det me har å by på av næringsliv i kommunen. Difor vil me presentere dei som ynskjer det her på bloggen.

Ole-Ivar framfor noko av utstyret som han har til rådvelde.
Ole-Ivar framfor noko av utstyret som han har til rådvelde.

Først ut med presentasjon er Åm Sognnes Bygdeservice. Ole-Ivar Åm Sognnes er eigar og drivar, og starta verksemda si då han flytta heim og overtok familiegarden i 2008. Sidan den gang har han bygd opp bygdeservicen som ei tilleggnæring til garden. Samla sett sysselset gardsdrifta og bygdeservicen fem årsverk, fordelt ganske likt mellom driftsgreinene, og han sysselset 4 faste stillingar, pluss noko timebasert arbeid. Ole-Ivar er fødd i 1983, er sjølv landbruksutdanna, og har bakgrunn mellom anna frå forsvaret. Bygdeservicen tilbyr eit breitt utval av tenester og produkt. Nettopp denne allsidigheita og variasjonen i arbeidsoppgåver er noko av styrken til bedrifta – her kan kunden få hjelp til å dekke fleire behov hjå same leverandør.

Åm Sognnes Bygdeserivce legg stor vekt på at utstyret skal sjå ordentleg ut - og at logoen skal syne slik at det er tydeleg kven som utfører arbeidet.
Åm Sognnes Bygdeserivce legg stor vekt på at utstyret skal sjå ordentleg ut – og at logoen skal syne slik at det er tydeleg kven som utfører arbeidet.

Ynskjer du å få meir innblikk i kva Åm Sognnes Bygdeservice kan hjelpe deg med, så er Facebook-sida til verksemda eit godt utgangspunkt. Der finn du òg kontaktinformasjon.

Ole-Ivar med slektsgarden og Sognefjorden i bakgrunnen på Sognnes.
Ole-Ivar med slektsgarden og Sognefjorden i bakgrunnen på Sognnes.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s