Folkemøter: Grendene si rolle i utviklingsarbeidet

DSC_0479 -redigert

Kven er det som skapar utvikling i kommunar som Hyllestad? Det er det sentrale spørsmålet når omstilingsorganisasjonen saman med grendalaga i kommunen inviterer til folkemøter rundt om i kommunen. Hyllestad kommune har sidan 2009 satsa på å skape ei positiv utvikling i kommunen, ved å sette av midlar til nettopp omstillingsarbeidet frå eit trangt kommunebudsjett. Den første delen av ein omstillingsperiode går alltid med å til å sjekke status, velje strategi og forankre utviklingsstrategiane der dei skal vere forankra. No er Hyllestad i ferd med å bevege seg frå denne innleiande fasen over i den utførande – no må resultata skapast.

Då er spørsmålet: Kven skal skape resultata? Omstillingsarbeidet har sett seg klåre og harde målsetjingar for arbeidet sitt: Utviklingsplanen, som er vedteken av omstillingsstyret og kommunestyret, seier at me innan utgangen av 2015 skal ha:

– minst 40 nye arbeidsplassar i minst 5 ulike bedrifter som i hovudsak eksporterar varer og tenester ut av kommunen
– minst 20 arbeidsplassar i minst 5 ulike bedrifter innan reiseliv, geologi og arkeologi
– minst 15 nye familiar, busett frå andre stadar i Noreg
– minst 10 nye busette utanlandske familiar

Ein ting kan dei fleste vere samde om: Dette er ambisiøse mål, og resultata kjem ikkje av seg sjølv. I løpet av hausten vil me ha utfordra ulike delar av Hyllestad-samfunnet på kva deira rolle i utviklingsarbeidet skal vere. Først ut er grendene, som kvar for seg er det lokalmiljøet som ein tilflyttar kjem til, og som ei bedrift opererar i. Me ynskjer å få gode diskusjonar og innspel på korleis grendene kan vere ein aktiv part når vi som kommune skal nå målsetjingane våre.

For kven er det som skapar utvikling og resultat i Hyllestad? Omstillingsstatusen, med dei ressursane som høyrer med, kan bidra til at ein lukkast med ulike initiativ, og kan gjere ein stor del av jobben – men ansvaret, viljen og nøkkelen til suksess ligg i lokalsamfunna og bedriftene.

Folkemøta startar klokka 19:00 på fylgjande stadar og datoar:

– Sørbøvåg 5/9 i Vonheim (arr: Sørbøvåg og Skifjord grendalag)
– Hyllestad 11/9 i Fleirbrukshuset (arr: Hyllestad og Lifjorden grendalag)
– Leirvik 12/9 på Leirvik Kro (arr: Leirvik grendalag og Åfjorddalen ungdomslag)

Vel møtt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s