Oppdatering frå omstillingsarbeidet

IMG_3899

Omstillingsarbeid er aldri kjedeleg. Me har ein brei og innhaldsrik handlingsplan, der arbeidet vårt er beskrive, og fordelt på ulike prosjekt. Dette er så velsigna og godkjent av både omstillings- og kommunestyre, som begge er eigarar av omstillingsarbeidet. I Hyllestad har me sagt at ein skal ha tre hovudsatsingsområde:

Meir robust næringsstruktur

Hyllestad er ein av dei kommunane i landet som er mest avhengig av hjørnesteinsbedrifta si. Heldigvis går Havyard Ship Technology i Leirvik godt, men me er heilt avhengige av å skape eit variert og rikt næringsliv også rundt skipsverftet vårt. Dette er også hovudgrunnen til at Hyllestad fekk omstillingsstatus i 2009. Det største enkeltprosjektet finn me under dette satsingsområdet, nemleg Hyllestad Utviklingspark sitt prosjekt med å skape nytt liv på den gamle verftstomta. Her jobbar ein systematisk og grundig med å få på plass ekterne bedrifter innanfor dei bransjane som ein har valgt å satse på. Dette er eit utruleg spanande prosjekt, som me gler oss til å fortelje meir om ut over hausten. To andre veldig viktige prosjekt er dei som er eigde av Hyllestad Næringsråd. Der jobbar me med kompetanseheving av lokalt næringsliv, samt med synleggjering og rekruttering. Nett no er me i kartleggingsfasen, der me går ut til alle næringsdrivande i kommunen, og i tur og orden spør dei om korleis me og dei kan bli endå betre. For oss i omstillingsorganisasjonen sin del så er det desse prosjekta som vert jobba mest med, både i tid og ressursar elles, men mykje av det er fortruleg arbeid saman med enkeltbedrifter eller gründerar, og såleis ikkje noko som me kan informere så mykje om. Brevet som vart sendt ut til alle næringsdrivande kan du lese her:

Brev til bedriftene

Attraktiv kommune

Alle kommunar som jobbar med å skape positiv utvikling, må samstundes jobbe heile tida med å utvikle seg sjølv. Det gjeld ikkje berre kommuneadministrasjonen, men innbyggjarar, lag og organisasjonar og andre som på ulike måtar er ein del av det store Hyllestad-bildet. Under dette satsingsområdet finn me dei mest publikumsvennlege prosjekta, med andre ord dei me kan fortelle om og skape mykje blest rundt. Desse prosjekta utgjer ein mindre del av tids- og ressursbruken vår, men dei er viktige for å bidra til at Hyllestad er ein levande og aktiv stad å bu. Dei fleste prosjekta innan dette satsingsområdet inneber utstrakt samarbeid med ulike lag og organisasjonar, samarbeid som me er svært nøgde med frå vår side. I tillegg har me prosjekt som «Næringsvennleg kommune» og «Felles tiltaksapparat i HAFS», der me jobbar med dei sakene som skal gjere oss i stand til å vidareføre utviklingsarbeidet også etter omstillingsperioden er over. 

Reiseliv, geologi og UNESCO-nominasjon som verdiskapar

Dette er det nyaste satsingsområdet i omstillingsarbeidet. Det kom med i fjor, og inneheld prosjekt som skal førebu oss på å skape arbeidsplassar av ei auke i besøksnæringa. UNESCO-nominasjonen av Kvernsteinsparken er særs viktig i så måte, men potensialet i reiselivsnæringa er stort på fleire område. 

Vil du vite meir om, eller ta del i noko av det me jobbar med? Nøl ikkje med å ta kontakt med oss!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s