Omdømemøte med næringslivet

This slideshow requires JavaScript.

Måndag 2. september var næringslivet i kommunen invitert til omdømemøte. Børre Berglund stod for møteleiing og det faglege innhaldet. Ein god gjeng frå næringslivet var møtt fram, og endå fleire gav attendemelding om at dei ynskte å vere der, men av ulike grunnar var forhindra. Børre Berglund fortalde litt om omdømearbeidet som har vore gjort fram til no, ein prosess der både næringsliv, lag og organisasjonar, kommunalt tilsette og politikarar har vore med frå starten. Etter ein kjapp gjennomgang av korleis ein var komen fram til der ein er no, så fekk dei frammøtte ein kort repetisjon av omdømeundersøkinga som vart gjennomført tidleg i 2011. Ein konkluderte med at noko framleis stemmer, medan andre ting har endra seg ein del.

Det viktige på dagens møte var å sette fokus på kva som er næringslivet si rolle når ein snakkar om omdøme, både for eigen del som enkeltbedrifter, og som ein del av Hyllestad som lokalsamfunn og bu- og arbeidsområde. Dei frammøtte fekk to ulike spørsmålsstillingar som ein skulle diskutere;

1. Korleis kan bedriftene i Hyllestad jobbe med eige omdøme?
2. Kva kan andre (definer kven) gjere for å betre bedriftene sitt omdøme?

Dei frammøtte vart delte inn i grupper, og ein fekk etter kvart gode diskusjonar rundt ulike problemstillingar knytte til omdøme. Seansen vart avslutta i plenum, med ein gjennomgang av dei tiltaka som kan gjerast på kort sikt – samt ei klargjering av kven som skal gjere kva. Dette vart oppsummert, og sendt ut til dei involverte partane for vidare arbeid. Me i omstillingsorganisasjonen er glade for at næringslivet syner eit ekte engasjement for dette viktige temaet, og den gode diskusjonen lovar godt for det vidare arbeidet. Neste fase vert å sette dei ulike innspela i system, og gripe tak i dei i praksis. Det er eit ansvar som næringslivet, kommunen og omstillingsorganisasjonen deler. Vi registrerer med glede at fleire av dei konkrete punktet det blir peika på alt finst i handlingsplanen vår for hausten.

Er du interessert i å vite meir om omdømearbeidet? Nøl ikkje med å ta kontakt med omstillingsorganisasjonen!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s