Møte i omstillingsstyret 26. juni

Gruppe 1 kosar seg på eit av torvtaka i Kvernsteinsparken.
Glade elevar kosar seg i Kvernsteinsparken. 

Ei innhaldsrik veke nærmar seg slutten. På omstillingskontoret har me hatt full aktivitet kvar dag. Det er gledeleg å registrere at mange, både frå næringslivet og elles, kjem innom oss for ein omstillingsprat. Det set me pris på, og me håpar at endå fleire tek turen innom. Elles har veka gått med til å førebu sakspapira til omstillingsstyret, noko som samstundes har gjeve prosjektleiaren sitt første skikkelege møte med sakhandsamingsverktøyet vårt, Acos WebSak, og møtebehandlinga der. Det har vore ein læringsprosess, men forhåpentlegvis enda det nokonlunde rett.

Elles har veka innehelde ein super dag med 10. klasse, der omstillingsarbeidet og spesielt prosjekt 22: Aktivitetstilbod til ungdom har fått mange gode og relevante innspel. I tillegg har me hatt nyttige møter om alt frå primærnæringane, via cruisesamarbeid med Høyanger til mobildekning med Telenor. På toppen av det heile har me hatt besøk av to svært oppegåande karar som er komne til kommunen vår som flyktningar. Dei er veldig klare for å komme i gang med å bli ein del av Hyllestad-samfunnet, og dei har alt teikna seg på dugnadslista til Kvernsteinsrock. På spørsmål om dei kunne møte torsdag klokka 12, var svaret at dei var klar klokka 11. Me gler oss til å få vere meir med desse positive karane!

Sakspapira til omstillingsstyret er offentlege. Klikk på linken under for å lese dei, du finn dei og seinare på kommunen sine nettsider. Då står det berre att å ynskje god helg!

Omstillingsstyret, 26. juni 2013

Kommenter innlegget