Salskurs med Morten Brandt

Tilsette i handels- og servicebransjen frå Askvoll, Fjaler og Hyllestad samla til salskurs.
Tilsette i handels- og servicebransjen frå Askvoll, Fjaler og Hyllestad samla til salskurs.

Tysdag 28. mai inviterte omstilligsorganisasjonane i Askvoll og Hyllestad saman med Fjaler Næringsutvikling til salkurs for handels- og servicebedriftene. Kursinvitasjonen vart sendt breitt ut, og ein fekk godt med påmeldingar frå ei svært variert gruppe tilhøyrarar. Morten Brandt frå European Business School er rekna for å vere ein av dei beste føredragshaldarane i landet, noko lattertettheita i publikum også kunne vitne om. Han hadde eit føredrag på totalt tre timar, der der frammøtte fekk trimma lattermusklane, møtte nokre a-ha-opplevingar, og fekk fagleg gode innspel til korleis ein betre kan møte kunden i ein salssituasjon.

Frå Hyllestad deltok Atle Wolff, Anne-Berit Garnes, Frode Hatleberg og Kari Rysjedal i tillegg til Joakim Systaddal frå omstillingsorganisasjonen. Det var organisert felles transport, med båt frå Fure til Askvoll – og tilbake. Den umiddelbare evalueringa på båten heim vitna om at opplegget var relevant, morsomt og interessant – noko som saman må kvalifisere til ein suksess. Me trur det er nyttig og nødvendig å få litt påfyll frå tid til anna, og skulle sjølvsagt ynskt at fleire frå handels- og servicenæringa var med. Me håpar me ser dei neste gang!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s