Hyllestad tek tak i ungdomssatsinga

Leiar og nestleiar i ungdomsrådet, Amanda Strandos og John Gerrick Bårøy, på scena under folkemøte for Dale vgs, som dei sjølve arrangerte.
Leiar og nestleiar i ungdomsrådet, Amanda Strandos og John Gerrick Bårøy, på scena under folkemøte for Dale vgs, som dei sjølve arrangerte.

Hyllestad har i mange år vore ein kommune utan ei særleg bevist haldning til involvering av ungdommen. Frå 2012 vart dette sett fokus på gjennom omstillingsarbeidet, og teke inn som eit eige prosjekt i handlingsplanen. Prosjektet fekk nummer 22 og namnet «Aktivitetstilbod for ungdom i aldersgruppa 13 – 23 pr». Ei av dei første erkjenningane ein gjorde var at kommunen mangla eit formelt organ der ungdommen kunne få sei si meining. Dette vart sett på dagsorden, og på hausten i fjor fekk Hyllestad-ungdommen sitt eige ungdomsråd. Her skal ungdommen sjølv sette agenda, med rett til å sette saker på den politiske dagsordenen i kommunen. I tillegg vil dei fungere som ein høyringspart i saker der det er naturleg og relevant.

Ungdomsrådet har så langt vore svært aktive, og sjølv i sitt første operative år, der mykje av tida må brukast til å bygge eit fundament for vidare arbeid, har dei teke tak i ulike saker, og engasjert seg på ein måte som har blitt lagt merke til. Dei er òg aktive deltakarar i ulike omstillingsprosjekt, og spelar ei rolle i planlegging og gjennomføring av Kvernsteinsrock. Samstundes jobbar dei med å finne ei god arbeidsform for seg sjølv, slik at ein på sikt gjer ungdomsrådet til eit aktivt organ for ungdomspolitiske saker både lokalt, regionalt og i nokre tilfelle nasjonale saker.

Vi i omstillingsorganisasjonen har vore med som fødselshjelparar i denne fasa, og stiller mellom anna opp med sekretærfunksjon og med finansiering av grunnaktiviteten. Vi opplever at dette prosjektet gjev oss mykje meir enn det kostar, og er ikkje i tvil om at det vidare arbeidet med å sette ungdomspolitikk på dagsorden i Hyllestad er ei viktig oppgåve. Samstundes er eldre ungdom, frå 23 år og oppover, ei gruppe som vi lenge har hatt fokus på. Desse representerer den umiddelbare framtida til kommunen, og vil kunne gje mange relevante og naudsynte innspel til kva arbeidsoppgåver som bør prioriterast. Dette arbeidet gjer vi i tett samarbeid med resten av HAFS-kommunane, og deltaking på Framtidsfylket sine karrieremesser, vårt eige HAFS-treff i Bergen, karrieresamlingar på Dale vgs samt lokale samlingar i Hyllestad er døme på tiltak som har vore, og vil bli gjennomført mot dei eldre ungdommane.

Me konstanterar at dette er fruktbart arbeid så langt, og jobbar vidare saman med ungdommen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s