Næringsfondet – noko for di bedrift?

papirpengar

Hyllestad kommune får kvart år tildelt midlar til det kommunale næringsfondet frå fylkeskommunen. Desse midlane skal brukast til å utvikle nye arbeidsplassar, både i ekisterande bedrifter og frå nye idéar. Den årlege tildelinga til Hyllestad dei siste åra har lagt på 7 – 800.000, og ein har hatt ei gradvis auke i søknadsmassen sidan ein vart omstillingskommune. Samstundes har ein blitt meir bevisst på korleis ein nyttar desse midlane på best mogeleg måte for å oppnå dei måla og hensiktene som midlane har.

Då Hyllestad vart omstillingskommune vart tildelingsmyndet for næringsfondet flytta frå formannskapet til omstillingsstyret. Sidan den gang har ein lagt større vekt på å bruke midlane på reine næringsprosjekt, og styret har òg valgt å vektlegge dei søknadane som gjev størst utviklingspotensiale. I tillegg premierer ein dei bedriftene som passar til kommunen sine satsingsområde (sjå handlingsplanen 2013 og utviklingsplanen 2012 – 2015). Sjølv om søknadsmassen har auka, så ynskjer ein at fleire bedrifter søkjer på gode tiltak i sine verksemder. Spesielt ser ein at det er få etablerte bedrifter som søkjer – det er det ingen grunn til.

Næringsfondet skil i hovudsak mellom fire typar tilskot:

Investeringstilskot, til dømes til bygg, utstyr og maskiner. Inntil 30% tilskot. Beløpsgrense 500.000,-
Bedriftsutviklingstilskot, ti ldømes etablerarstipend, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, kjøp av konsulenttenester samt opplæring. Inntil 75% tilskot. Beløpsgrense 200.000,-
Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur, til dømes regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid mellom skule og næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. Inntil 100% tilskot. Inga beløpsgrense.
Arrangementsstønad, til dømes marknadsføring av Hyllestad i rekrutteringssamanheng, utvikling av næringslivet, profilering av fleire verksemder i samarbeid mot ulike marknadar.

Søknadar som samsvarar med kommunen sine satsingsområder får høgst utmåling av tilskot. Sjå elles vedtektene for fleire detaljar og meir info, og finn søknadssskjemaet under fana omstilling i Hyllestad.

Nøl ikkje med å ta kontakt med omstillingsorganisasjonen om du er i tvil om noko – me er til stades for å hjelpe di bedrift!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s