Vi styrkar førstelinjetenesta vår

Klar for kurs på Skei Hotell fredag 24. mai.
Klar for kurs på Skei Hotell fredag 24. mai.

Ei av kommunen sine arbeidsoppgåver er å drive førstelinjeteneste for næringslivet. Her skal eksisterande bedrifter som vil utvikle seg vidare og enkeltpersonar som ynskjer å starte nye bedrifter kunne få hjelp. I omstillingsperioden er førstelinjetenesta lagt til omstillingsorganisasjonen, og Rune Thorsnes har ansvar for den. Fredag 24. var omstillingsorganisasjonen med på kurs i vekstbedrifter i regi av fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Her var næringsutviklarar frå heile fylket samla for å styrke kompetansen på å hjelpe vekstbedrifter opp og fram. Fokusgruppa var svært relevant for Hyllestad sin del, ein tok utgangspunkt i bedrifter som har 3-5 mill i omsetnad, og som ynskjer å vekse til 25-30.

Det faglege innhaldet vart veldig presist, og relevansen for kommunar i vår situasjon var god. I tillegg var kurshaldarane gode formidlarar som kjende og forstod målgruppa godt. Metoden dei tok utgangspunkt i heiter LEAN Business, og den inneheld ulike verktøy og metodar for å realisere ei slik vekst i bedriftene. Vår neste jobb blir å kartlegge om og eventuelt kven av våre Hyllestad-bedrifter som ynskjer vekst. Det blir ei spanande runde, og me kjem attende med meir informasjon etter kvart.

Samstundes ynskjer me å oppmode alle som har tankar om å utvikle ei bedrift, enten ei eksisterande eller ei heilt ny, om å ta kontakt med oss i omstillingorganisasjonen. Du treng ikkje å ha fylt ut eit skjema, eller tenkt gjennom alle detaljar om det du vil snakke med oss om – me tek gjerne eit uformelt møte for å høyre på din idé, eller sei noko om korleis me kan hjelpe deg i gang eller vidare.

Nøl ikkje med å ta kontakt dersom du ynskjer dette!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s