Den første grendapuben vart ein suksess!

This slideshow requires JavaScript.

Fredag 24. mai arrangerte Hyllestad Grendalag den første pubkvelden av det som skal bli seks arrangement rundt om i Hyllestad kommune. Opplegget vart unnfanga på eit fellesmøte det alle grendalaga var invitert til å diskutere problemstillinga med sosiale møtestadar saman med omstillingsorganisasjonen. Dette har vore eit tilbakevendande tema når me har vore ute på rektutteringsmesse og snakka med ungdom som ynskjer seg heim, og det vart konkretisert og poengert på workshopen som omstillingsorganisasjonen og Hyllestad Næringsråd hadde i romjula 2012.

Det var difor svært gledeleg at folk stilte opp og laga super stemning på den første runda. Nærare 50 personar møtte opp til quiz og seinare god prat rundt borda i Fleirbrukshuset. Hyllestad Grendalag gjorde ein suveren innsats med å selje næringsmiddel i ulik form, og fekk inn ein pen slump pengar til laget. Ei svært jamn quiz-runde vart vunnen på knappast mogleg margin av laget «Magpies», eit halvt poeng føre andreplassen. Første runde hadde omstillingsarbeidet som tema, og me seier oss nøgde med ein snittpoengsum på 11,5/15 rette – og fekk nokre gode innspel på kva som må informerast meir om. Firda har laga ei gladsak om hendinga, der kan du sjå bilete av vinnarlaget og lese meir om korleis dei opplevde kvelden.

Me ser fram til neste runde, og håpar at me ser deg der!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s