Takk for innsatsen!

This slideshow requires JavaScript.

Fredag 10. mai takka Terje Nilsen av som prosjektleiar for omstillingsarbeidet i Hyllestad. Bak seg har han fire år med utviklingsarbeid i kommunen. Terje tok til med arbeidet seinsommaren 2009, og fekk i oppgåve å etablere omstillingsarbeidet, saman med prosjektansvarleg som dei første åra var dåværande ordførar Tore Bråstad. Omstillingsarbeid er ikkje noko 9 til 4-jobb, og Terje har gjennom desse åra lagt ned ein formidabel innsats i å få sett arbeidet i struktur. Fylkeskommunen og Innovasjon Norge, som er oppdragsgjevarane til omstillingsarbeidet, har vore med i omstillingsstyret heile vegen, og tilbakemeldingane derfrå på Terje sin innsats har vore svært gode; han har arbeidd fram eit svært godt grunnlag for å kunne lukkast med omstillinga av næringslivet i Hyllestad kommune.

Også frå næringslivssida har tilbakemeldingane vore svært gode. På trass av eit lite og på mange måtar svakt næringsliv rundt hjørnesteinsbedrifta, har ein gjennom solid forankringsarbeid, tett samarbeid med Hyllestad Næringsråd, og ei gjennomtenkt og god prosjektprtefølje, fått engasjert både enkeltbedrifter og næringslivsorganisasjonen på ein framifrå måte. Terje si solide og allsidige erfaring har definitivt vore viktig i denne prosessen.

Når arbeidet no skal vidareførast, så handlar det om å bygge vidare på ein svært solid grunnmur. Terje har gjennom sitt arbeid lagt alt til rette for å skape ny aktivitet i Hyllestad, og det er med stor audmjukheit at ny prosjektleiar og  prosjektmedarbeidar tek til på oppgåva med å køyre omstillingsløpet til mål.

Vi vil med dette takke Terje for tida i Hyllestad og den formidable jobben som har vore gjort, og samstundes ynskje lukke til med framtidige aktivitetar!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s