Kvernsteinsrock og omstillingsarbeid – kva er samanhengen?

This slideshow requires JavaScript.

I år er det duka for ny Kvernsteinsrock. Den førre var i 2011, og det var òg første gang dette vart arrangert i Hyllestad. Som sist er omstillingsstyret garantist for at dette kan realiserast, begge gangane har ein løyvd ein underskotsgaranti på 400.000 kr. Sist gang vart den ikkje nytta, og også denne gangen har ein lagt opp til eit budsjett der garantien skal nyttast slik den er tenkt – i tilfelle underskot. I 2011 feira Hyllestad 150 år, og Kvernsteinsrock-arrangementet kom som eit resultat av ei overivrig gruppe med frivillige planleggarar. Nettopp dei frivillige var og er nøkkelen til at dette går an å få til – utan dei mange hundre som jobbar dugnad før, under og etter arrrangementet kunne dette aldri vore gjennomført i ein liten kommune som Hyllestad. Berre det faktum at ein på kveldsarrangementet sist hadde nær 2000 personar inne på området – i ein kommune med knappe 1500 innbyggjarar – er noko me kan vere stolte av.

Kva er eigentleg Kvernsteinsrock? Det er ingen av dei vanlege kategoriane som synes å passe heilt – det er meir enn ein konsert, men heller ikkje ein festival. Arrangementsgruppa har enda opp med å omtale det som ein fest. Sjølve festen i Hyllestad, der alle bidreg med det dei kan, og alle er invitert. Fokuset på barn og unge skil oss markant frå mange andre enkeltarrangemenet og musikkfestivalar rundt oss. Me har eit dagarrangement som rettar seg særskilt mot barn og unge, men som òg har aktivitetar for vaksne og eldre. Konserten om kvelden er òg open for alle, og som sist vert det lagt særskilt til rette for at dei under 18 er likeverdige publikumarar med dei vaksne, med tilgang heilt fram til scena – heile kvelden. Dette var viktig sist, og dei som såg gleda i auga til dei unge som stod langt framme den gangen veit at det var eit riktig val. I tillegg er me krye av å ha hatt det som kanskje er landets beste plassering for dei som treng særskilt tilrettelegging, det vert òg gjenteke i år.

Eit kommunalt arrangemenet som dette er eigentleg eit samfunnsprosjekt. Ein har avgrensa tilgang på pengar, då dette ikkje skal eller kan belaste eit kommunalt driftbudjsett som har knappe rammer for dei andre viktige oppgåvene som ein kommune skal løyse. Den store ressurstilgangen for Kvernsteinsrock ligg i dugnadstimane, dei lokale sponsorane og i billettsalet. Då er det viktig at ein forvaltar desse ressursane rett, og ikkje tek sjansar på andre sine vegne. Det betyr i praksis at ein ikkje kan dra på med dei aller største artistane. I valet av artistar har ein difor gjort det same verdivalet som på resten av arrangementet: Lokale artistar i Arvandor og Spitfire høyrer heime på ein slik dag. Dei syner at ein kan nå langt, frå ein start i vetle Hyllestad. Så har me valgt nasjonale artistar som skal treffe barn og ung, i flinkisen LidoLido som ikkje berre er ekstremt sjarmerande, men som får stor anerkjenning for musikken han produserar, etterfulgt av John Olav Nilsen & Gjengen, som er i ferd med å bli store i nasjonal samanheng, og som vart føreslegne av fleire når vi spurte om kven folket ville ha. Den enkle tanken bak er at dei heilt vaksne, som kanskje skulle ynskje ein artist som dei sjølve likte endå litt betre, vil glede seg så mykje over at Hyllestad endå ein gang skal få til ein folkefest for alle som vil vere med at ynskje om artistar vert underordna.

Kva har så Kvernsteinsrock med omstilling å gjere? Ein heil del, skulle det syne seg sist. Arrangementet vart eit monument innan lokal sjølvkjensle og trua på eigen heimstad som ein god plass å høyre til. I Handlingsplanen for omstilling har vi ei rekkje prosjekt som skal ha fokus på det å auke trivsel, tilflytting, lokal identitet og stimulere til betre lokalsamfunn. Kvernsteinsrock gjorde noko med alt dette. Difor køyre me i gang med ny runde, og difor jobbar me med Kvernsteinsrock som ein del av omstillingsarbeidet. Me gler oss til 29. juni, og ynskjer unge i alle aldrar vel møtt til fest!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s