Salskurs i Askvoll

Omstillingsorganisasjonane i Hyllestad og Askvoll går saman om å tilby salskurs for handels- og servicebedriftene. I tillegg har ein invitert med Fjaler Næringsutvikling, som også er med på arrangørsida. Salskurset vert tysdag 28. mai i Askvoll, og ved Morten Brandt frå European Business School. Brandt er ein av dei fremste i landet på kommunikasjon og motivasjon, og har vore brukt av ei rekkje store selskap. Me trur at dette vil vere til stor inspirasjon og nytte for alle som driv med sal. Det vert mat, kaffi og organisert transport begge vegar, så her ligg alt til rette for ein flott dag med fagleg påfyll.

I dag har me vore innom nokon av sals- og servicebedriftene våre, men om du ikkje har fått invitasjon, og ynskjer å delta – send påmelding til omstillingsorganisasjonen innan 16. mai!

Klippet over er frå Morten Brandt sitt føredrag for Coca Cola, og ligg på Youtube.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s