Grendapub – gode møtestadar

Grendalaga i Hyllestad er samla på Leirvik Kro for å legge plan for grendapub.
Grendalaga i Hyllestad er samla på Leirvik Kro for å legge plan for grendapub.

Gjennom dei siste åra har utviklingsarbeidarane i Hyllestad delteke på ei rekkje tilstelningar for å få fleire til å flytte til Hyllestad. Dette er alltid kjekke og interessante arrangement å vere med på, og me får mykje matnyttig respons på kva vi manglar, og kva som kan bli betre. Ei konkret utfordring som har vore tilbakevendande er møtestadar. Folk i alle aldrar saknar ein plass der dei kan møte kjende utan å ha ei avtale på førehand. Ein stad der ein kan ta opp att gamle kontaktar, og treffe nye. Gjerne ikkje så langt frå der ein bur. På romjulstreffet i fjor ba me om konkrete innspel til kva som kunne jobbast meir med, og då kom møtestadane høgt opp på lista.

Sidan har me jobba med å finne rette tilnærminga. Omstillingsorganisasjonen kan ikkje drive pub sjølv, det ligg langt utanfor vårt mandat. Vårt forslag vart difor å samle tre nøkkelgrupper; ungdomsrådet, innvandrarforum og grendalaga. Etter å ha drøfta tankane med ungdomsrådet, gjekk me så vidare til grendalaga med eit konkret forslag: Lag eit felles opplegg, og rullér på å arrangere. Onsdag 8. mai møttest omstillingsorganisasjonen og alle grendalaga på Leirvik Kro for å konkretisere planane. Alle utanom Skifjorden hadde høve til å møte, og alle var positive til forslaget. Ein gjekk så gjennom det praktiske, og vart samde om innhald, datoar og praktisk gjennomføring. Ein legg opp til å køyre quiz i samband med alle grendapubkveldane, og at ungdomsrådet og innvandrarforum sender ein spesiell invitasjon til sine grupper.

Det betyr at me allereie 24. mai kan invitere til grendapub. Hyllestad Grendalag er først ut, og står for hus og arrangering. Me håpar at innbyggjarane i kommunen set pris på initiativet, og stiller opp om ein kan og vil. Følg med på Facebook og på oppslag på butikkane for meir informasjon etter kvart.

Med det står det berre att å ynskje god helg!

Advertisements

One thought on “Grendapub – gode møtestadar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s