Reiseliv – ei spennande satsing

Aktørar frå reiselivsnæringa samla på Hyllestad for å lære meir om kommersialisering av naturen som reiselivsprodukt, spesielt med tanke på vandring. Bill Taylor frå Skottland stod for det faglege innhaldet.
Aktørar frå reiselivsnæringa samla på Hyllestad for å lære meir om kommersialisering av naturen som reiselivsprodukt, spesielt med tanke på vandring. Bill Taylor frå Skottland stod for det faglege innhaldet.

Omstillingsarbeidet består av ei rekkje prosjekt, som saman utgjer den samla handlingsplanen for det me skal jobbe med. Desse prosjekta er samla i ulike programområder, som er å rekne som kategoriar for dei satsingane som omstillingsstyret har definert som dei viktigaste. Frå starten hadde ein to slike programområde i handlingsplanen, men frå 2012 kom det inn eit tredje område; «Geologien og UNESCO-nominasjon som verdiskapar». Dette programområdet vil me sei litt meir om i denne posten.

Som mange truleg er kjende med, er kvernsteinsbrota i Hyllestad nominert til UNESCO si verdsarvliste. Nominasjonen er ein såkalla transnasjonal serienominasjon, der vikingtidsminne frå fleire land er med. Sjølve nominasjonen kan du lese meir om på stiftinga Norsk Kvernsteinssenter sine nettsider. For Hyllestad sin del er dette ein stor moglegheit. Erfaringar frå andre verdsarvstadar, både i og utanfor Noreg, syner at besøkstala går kraftig opp ved innskriving på denne lista. Det betyr at ein må vere budde lokalt. Både eigarane av Kvernsteinsparken, næringa rundt og innbyggjarane i Hyllestad er nøydde til å gjere ein jobb for å kunne ta i mot eit større tal besøkande, og ikkje minst få kommersielt utbytte av det. Det er denne konkrete utfordringa som er bakteppet for programområdet.

Per 2013 har me fire prosjekt innanfor dette området. To av dei er eigde og køyrde av stiftinga Norsk Kvernsteinssenter. Dette er:

– P13: UNESCO-nominasjon og kvernstein som internasjonalt reiselivsprodukt
– P16: Geologien som verdiskapar

Gjennom arbeidet med desse prosjekta, ynskjer ein å legge grunnlaget for det som kan bli eit unik produkt for Hyllestad, både gjennom kvernsteinsarva, men òg gjennom den geologien som finst i HAFS-området, og som er spesielt anvedeleg til formidling nettopp her i Hyllestad. P16 er eit HAFS-prosjekt, der alle nabokommunane våre i HAFS er med.

Eit anna veldig spennande prosjekt vert køyrt i regi av soknerådet i Hyllestad. Dette prosjektet er P27: Kyrkjebygg som utviklingsressurs. Dette er eit svært nytenkande prosjekt, både innanfor omstillingsarbeidet og innanfor kyrkja sjølv. Bakgrunnen er ei utvikling over tid, som har reist spørsmål kring evna til å drifte den bygningsmassen som kyrkjene representerer. I Hyllestad har ein fire kyrkjebygg, derav tre er kyrkjer og den fjerde er eit kapell. Prosjektet tek for seg Sørbøvåg kyrkje, som i Hyllestad skil seg frå dei andre ved at den ikkje har eigen kyrkjegard. Utgangspunktet er å vurdere korleis dette bygget kan brukast til utvikling og nyskaping innanfor dei rammene som både eigar og brukarar har definert. Prosjektet er endå i startfasen, og me vil kome attende med meir informasjon om dette prosjektet seinare.

Det siste prosjektet innan reiseliv vart til som eit resultat av eit anna prosjekt, P20, som Hyllestad Næringsråd initierte og gjennomførte i 2012. Dette prosjektet kartla det eksisterande næringslivet i kommunen, for å forsøke å avdekke kvar det var størst vilje og evne til å utvikle heile bransjar vidare. Mellom fleire, vart reiselivsnæringa peikt ut som satsingsvillig. Det førte til ei rekkje samlingar, samt etablering av eit eige reiselivslag i Hyllestad Næringsråd. Dette laget, saman med styret i næringsrådet, spelte så inn behovet for eit eige prosjekt for reiselivsnæringa der ein fekk utarbeidd ein strategi for korleis ein no arbeider vidare med alle reiselivsrelaterte oppgåver. Som eit resultat av dette innspelet, vart P 25: Utarbeide platform og strategi for framtidig reiselivssatsing i Hyllestad kommune etablert i årets handlingsplan. I dette prosjektet har nyttar me ekstern prosjektleiing til å samanfalle alle eksisterande rapportar og undersøkingar, samt intervjue relevante personar for å få levert ein platform innan juni månad. Også her kjem me attende med ny sak når denne ligg føre oss.

Programområdet har fylgjande mål for 2013: Minst 20 arbeidsplassar i minst 5 ulike bedrifter innan reiseliv, geologi og arkeologi. Minst 10.000 årleg besøkande turistar til Hyllestad kommune i 2016.

Summen av desse prosjekta trur me vil leie Hyllestad inn på ei god veg vidare innan reiseliv og besøksnæringa. Me registrerer at både reiselivslaget, stiftinga Norsk Kvernsteinssenter og kyrkja jobbar godt. Nye verksemder og fleire engasjerte menneske kjem til, og dreg i positiv retning. Me vert ikkje forundra om ein stor del av etableringane i 2013 kjem innanfor denne bransjen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s